Hopp til innhold

Difor har geværkolben 361 hakk

I løpet av 50 år har Norodd Ramstad (73) skote rundt 400 hjortar – 361 av dei er markert med eit hakk i geværkolben. Men kolben på det nye våpenet hans er for fint til å bli ein del av tradisjonen.

Norodd Ramstad og geværkolben med 361 hakk

PLASS TIL FLEIRE: Sjølv om det er plass til fleire hakk på kolben på den gamle mauseren så får rifla no stå i fred i våpenskapet.

Foto: Birger Meland / NRK

Angedølen var på si første jakt som 20-åring, ei oppleving han hugsar som det var i går. Sidan har det blitt timevis i skogen og på jakthytter. For når hausten kjem og jakta startar kjenner Ramstad at han berre må ut.

Sidan han skaut sin første hjort tilbake i 1959 har han skote rundt 400 hjortar. Flesteparten av dei har han skote med det same våpenet, som bokstavleg talt fortel historia om dei mange fulltreffarane.

– Det var far min som sa at eg burde skjære hakk i kolben, så det var byrjinga. Sidan har det berre balla på seg, seier Ramstad.

Starta som 20-åring

Grytidleg måndag morgon er Norodd Ramstad på plass i jaktbrakka si på bøen i Angedalen i Førde. I år starta jakta rekordtidleg og varer fram til veslejulaftan. Ramstad vedgår at han kjem til å bruke mykje tid i den vesle brakka på bøen.

– Når du har fått denne opplevinga, så får du dette i blodet. Etter kvart så hausten nærmar seg så kjenne du deg på kroppen at det er noko som skjer, ler han.

Frå det vesle vindauget på brakka har han god utkikk og sit klar med våpenet. 73-åringen kan sjå tilbake på mange slike timar og kunne fortalt jakthistorier i timevis. Første gong han var på jakt var han 20 år og nettopp ferdig i forsvaret.

– Eg vart flytta til heimevernet og fekk der fekk vi HV-mauser. Den var det eg brukte på min første hjort.

– Det var ei storhending av ei anna verd, seier han og fortel at det var stor stas heime på garden.

(Artikkelen held fram under biletet)

Norodd Ramstad ser etter hjort på bøen

HELD UTKIKK: Det er om å gjere å vere tålmodig når ein er på jakt.

Foto: Birger Meland / NRK

Kan vise til 361 hakk

Ramstad seier den tyske rifla eigna seg svært godt til jakt og trekk fram at den er lett og har godt kikarsikte. Når Ramstad i tillegg synte seg å vere ein ganske så habil skyttar vart det fort mange hjortar som vart felt på bøen og i skogen.

– Eg skaut vel ein 20 hjortar før eg begynte å skjære hakk. Den første hakket var etter at eg hadde felt ein fin kronhjort, seier 73-åringen.

Han fortel at det var faren som kom med ideen og at det berre har blitt slik sidan. Etter at dyra var felt tok han kniven og skar eit hakk i kolben. Dette har vore fast tradisjon sidan.

– Ifølgje barnebarna mine som har talt over så er det 361 hakk på kolben, seier Ramstad.

Han har med andre ord vore ein flittig jeger sidan han starta for over 50 år sidan. Kolben på mauseren er eit einaste lite lappeteppe av hakk og om han ikkje hugsar kvar enkelt av dei har han mange forteljingar frå jakta på lager.

– Eg har ikkje berre jakta her på Ramstad, men vi har også eit stort jaktvald på andre sida av dalen.

– Nokre år skaut eg vel mellom 10 og 15 hjortar i året, fortel han.

Det nye våpenet er for fint

Men med tida har også våpna forandra seg. For ti år sidan valde Ramstad å byte ut den gamle mauseren med eit meir moderne våpen. Mauseren er pensjonert og står pent og pynteleg i våpenskapet. Sidan har det heller ikkje blitt fleire hakk i kolben.

– Det nye våpenet har litt for fin kolbe til å skjære hakk i, ler han.

– Det får no vere visse grenser.

Kor mange hjortar han har felt dei siste ti år har han difor ikkje noko tal på, men alt tyder på at det er nokre stykke. Å halde teljinga er litt vanskelegare utan hakka i kolben, men Ramstad har ikkje hjerte til å lage hakk i kolben på ein våpen som ikkje blir brukt.

– Det er jo ikkje rett å drive å skyte hjort med eit våpen og skjære hakk i eit anna, seier han.

– Men dette er eit klenodium, så det blir teke godt vare på.

361 hakk i geværkolben til Norodd Ramstad

361 hakk: Barnebarna til Norodd Ramstad har talt over kolben og kome fram til at han har laga 361 hakk etter å ha felt hjort opp gjennom åra.

Foto: Birger Meland / NRK

Hjortebrakke i Angedalen i Førde

TIMEVIS: Norodd Ramstad vedgår at det kjem til å bli mange timar i denne hjortebrakka på bøen i Angedalen utover hausten.

Foto: Birger Meland / NRK