Hopp til innhold

Sogning skremde Utøya-tilhøyrarar

Med ein høvel i handa, sikta sogningen i 50-åra mot folk som skulle følgje terrorrettsaka i Bergen tingrett og sa «pang, pang».

Tinghuset i Bergen.

OPPTRINN: Mannen i 50-åra retta høvel mot forbipasserande som skulle til NAV-kontoret eller i rettssalen for å følgje overføringa av terrorrettssaka.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

No er mannen dømd til fengsel i sju månader for opptrinnet utanfor Bergen tinghus 17. april i år.

Dagen i førevegen starta rettssaka etter terroråtaka mot Norge 22. juli i fjor.

– Det er sjølvsagt ein svært uheldig episode for dei som måtte oppleve dette, sa Espen Husby, tryggleikssjef ved Domstolane i Bergen, til Bergens Tidende etter hendinga.

– Skremmande framferd

Dei første opplysningane gjekk på at mannen hadde teke seg inn i lokala til Bergen tinghus.

Men mannen låg på golvet ein annan stad i bygget i Valkendorfsgaten, der både dei som skulle til NAV-kontoret og tilhøyrarar av rettssaka gjekk forbi. Vitne fortalde om ei utagerande framferd frå mannen. Han både hylte og skreik.

– Retten legg til grunn at tiltalte si framferd var skremmande og plagsam for dei som vart utsett for dette, skriv tingrettsdommar Eva Macody Lund i domen.

Vist vekk frå tinghuset

Opptrinnet var ikkje det einaste som mannen stod tiltalt for i Bergen tingrett. Og det var heller ikkje det einaste som kan knytast til tinghuset.

Av dei 18 tiltalepunkta, knytte fem seg til hendingar i domstolsbygningen, der sogningen er observert fleire gonger.

Både barbeint og i morgonkåpe. Han skal ha vist upassande framferd og stole mat frå kantina. Fleire gonger er han vist vekk frå lokala.

Klaga på reinhald

Då mannen tidlegare i år på nytt vart vist vekk tok han tak i vedkommande og retta ei tirade av skjellsord.

Ved eit anna høve tok han kontakt med ein reinhaldar og uttrykte misnøye med reinhaldet. I dragkampen om ein kost slo sogningen med eit bordbein/stolbein. Slaget trefte reinhaldaren i ein skulder.

Same dag som terrorrettssaka starta, løyste sogningen ut brannalarmen i tinghuset. Sjølv om mannen vart vist vekk, returnerte han seinare på dag.

Truga politiet

Sogningen vart også dømd for å ha rista og dytta ein sjukepleiar ved legevakta i Bergen, og for å ha truga med å slå ein hotellresepsjonist «rett ned» om ho tilkalla politiet.

I heroinrus truga han også tilsette i Posten då han ikkje fekk utbetalt trygda på grunn av at han mangla legitimasjon.

Han vart også dømd for å kjøpe ei jakke som var stolen, for å ha truga ein polititenestemann og for å ha stole diverse varer frå ei rekkje verksemder i Bergen.

Blir ikkje anka

Mannen er domfelt ni gonger før for truslar, lekamskrenking, narkotika og vinningskriminalitet. Siste dom fekk han i 2005. Han er også bøtelagd 17 gonger, sist i 2010.

Dei siste fem åra har sogningen hatt fleire kortare opphalde på psykiatriske institusjonar. Han er mangeårig rusmisbrukar, noko fagfolk meiner har påverka mannen. Ein psykiater meinte det ikkje er behov for ei rettspsykiatrisk undersøking. Retten la difor vekt på at mannen er strafferettsleg tilrekneleg.

Til frådrag i fengselsstraffa på sju månader kjem 131 dagar varetektsfengsling.

Forsvararen til mannen, Ole Petter Grythe Hoff, seier at domen mest truleg ikkje vil bli anka.