Hopp til innhold

Slik har Jacob Nødseth opplevd det siste halve året

Høgrepolitikaren Jacob Nødseth i Flora har vore gjennom eit turbulent halvår. No fortel han om korleis han har opplevd den siste tida.

I lengre tid har det storma rundt partiet høgre i Flora. Den unge og profilerte politikaren Jacob Nødseth har vore involvert i fleire av konfliktane. I går fekk han sparken som politisk rådgjevar for ordføraren.

SJÅ TV-SAKA: Jacob Nødseth fekk sparken som politisk rådgjevar for ordførar Bengt Solheim-Olsen.

– Det har vore ei veldig belastande tid, men eg vil ikkje stå fram som ein martyr i media, seier han til NRK.no.

24 år gamle Jacob Nødset er ein av dei mest sentrale politikarane i Sogn og Fjordane. Han er 1. vararepresentant til Stortinget frå Sogn og Fjordane og har fleire gonger møtt på tinget. Han er med i Flora bystyre og leiar i hovudutvalet for helse- og sosialsaker. Nødseth er også medlem av formannskapet i Flora

Etter valet i fjor, blei han tilsett i ei 35 prosent stilling som politisk rådgjevar for ordførar Bengt Solheim-Olsen i Flora.

Men måndag blei det kjent at han har fått sparken frå jobben som rådgjevar. Ordføraren ønskte han ikkje lenger som personleg rådgjevar.

Skal ha sendt sjikanerande SMS-ar

I mars blei Jacob Nødseth skulda for å ha sendt trugande og sjikanerande meldingar til leiaren i Sogn og Fjordane Unge Høgre, Embla Belsvik.

Det gjekk så langt at Flora Høgre laga ein avtale på korleis dei to skulle unngå kvarandre.

Fylkesleiar Arve Mjømen har i nominasjonskampen framfor neste stortingsval, sagt at Nødset kanskje er for umoden til å bli renominert på 2. plass.

(Artikkelen held fram)

– Ein vanskeleg situasjon

Og i går fekk han altså beskjed om han ikkje lenger er ønskjer som rådgjevar for ordføraren. Nødseth seier det har vore eit tøft halvår.

– Det er den vanskelegaste situasjonen eg har vore i nokosinne. Eg kan ikkje samanlikne det med noko.

– Kor vanskeleg har det vore?

– Politikk dreier seg ikkje om å få venner. Hadde det vore målet kunne vi byrja som iskremseljarar alle saman. Men i politikken får ein jo likevel venner. Det som har vore vanskeleg i denne saka, er at fleire av dei eg har stått i mange strie tørnar med tidlegare, må eg no forhalde meg til på ein heilt annan måte. Det har ikkje vore enkelt, seier han.

– Kan du vere meir konkret?

– For eitt år sidan diskuterte eg politiske strategiar med Bent Solheim-Olsen som førstekandidat og meg sjølv som andrekandidat i Flora. Vi snakka om korleis vi skulle vinne valet og kva vi skulle gjere med Flora. Både den og andre prosessar opplevde eg som gode. Så eg hadde aldri trudd eg skulle ha dette møte med politikken.

– Har sagt og gjort ting som ikkje er bra

Han har ikkje tidlegare uttalt seg om saka der han blei skulda for å ha sendt sjikanerande meldingar til Embla Belsvik.

– Men det er klart det er vanskeleg å oppleve den type sak. Det som har oppstått er ikkje på nokon måte greitt. Det har vore sagt og gjort ting frå mange, inkludert meg sjølv, som ikkje har vore bra.

Han fortel at han har beklaga mykje mange gonger. Nødseth seier også at det bilete som er skapt av han i media av mange, er feil.

– Dette vil eg komme innpå i nærare framtid.

– Så du har ikkje kome med sjikane for å øydeleggje hennar politiske karriere?

– Vi har hatt ein omfattande kommunikasjon, både privat og politisk. Eg kjenner meg ikkje igjen i dei konkrete episodane det blir vist til i partiet. Men eg har vore sint og gitt uttrykk for det. Eg ser i ettertid at eg burde ha handtert den saka annleis

– Det har gått rykte om at de skulle hatt eit kjærleiksforhold mellom dykk to og at det er grunnen til at det blei så vanskeleg.

– Eg har fått mange spørsmål om privatlivet mitt. Det er mange uhyrlege påstandar. Eg har som prinsipp at eg ikkje kommenterer offentleg mine private relasjonar, og det er difor eg har vore taus i denne saka.

Meiner det handlar om personar rundt

Nødseth seier at han og Belsvik var veldig gode vener og at han opplevde dei som gode støttespelarar for kvarandre.

– Vi har på eit tidspunkt kanskje vore meir enn venner, men det er eit tilbakelagd kapittel som ikkje er noko å snakke om no.

På spørsmål om det er noko han angrar på i forhold til den unge ungdomspolitikaren, svarar han dette.

– Eg har vore veldig tydelege i kva eg meiner om andre sine handlemåtar i denne saka her. Eg har også vore tydeleg på mine eigne handlemåtar. Eg burde handtert denne saka annleis. Men eg opplever at den måten dette har blitt ei partisak på, ikkje handlar om ho, men andre personar rundt.

– Fylkesleiar Arve Mjømen gjekk ut og sa at du kanskje ikkje var eigna til å sitje på Stortinget. Det verkar som han ikkje var heilt nøgd med moralen din. Kva seier du til det?

– Eg tykkjer det er kjekt at etikk blir dregen inn i politikk, det har eg sjølv vore initiativtakar til fleire gonger. Men eg pratar mykje, og då er moglegheit til å trå feil til stades.

Onsdag skal Nødseth ha eit møte med pressa der han skal orientere om det han kallar ein del prosessar.