Hopp til innhold

Her har mennene overnatta i ei lita arbeidskorg 100 meter over fjorden

To SFE-tilsette har fått seg ei natt dei truleg aldri vil gløyme. Ein teknisk feil har gjort til at dei har måtte overnatte i ei lita arbeidskorg minst 100 meter over Nordfjorden. Tidleg tysdag morgon melder mennene at dei er byrja å fryse.

Hovudredningssentralen meiner det er for farleg å bruke helikopter for å redde ned dei to mennene som sit fast i ei korg 100 meter over Nordfjorden

SJÅ VIDEO: Slik ser det ut på staden der dei to mennene sit fast.

Det er truleg ganske trong om plassen for dei to tilsette i energiselskapet Sogn og Fjordane Energi som har måtte overnatte i ei 1x1,5 meter stor arbeidskorg – 100 meter over Nordfjorden.

Mennene har arbeidd på kraftlina som går mellom Stavenes og Agjeld i Stryn. Måndag ettermiddag fekk dei tekniske problem med korga, slik at den ikkje kunne trekkjast attende. Eit Sea King-helikopter gav i 22-tida opp å redde ut mennene.

– Det vart for risikabelt og for få referansar. Det blir eit eventuelt nytt forsøk når det blir lyst, seier redningsleiar Erik Willassen ved Hovudredningssentralen på Sola til NRK.no seint tysdag kveld.

Ved 09.30 tida melder Hovudredningssentralen at dei har kalla inn ei alpin rednignsgruppe som skal forsøke å ta seg ut til mennene med ei ny korg. Det blir paralellelt jobba med å få inn eit helikopter som kan redde ned mennene frå lufta.

Først klokka 12.30 vart dei to mennene til slutt redda ned.

(Artikkelen held fram under videoen)

To SFE-tilsette har fått seg ei natt dei truleg aldri vil gløyme. Ein teknisk feil har gjort til at dei har måtte overnatte i ei lita arbeidskorg minst 100 meter over Nordfjorden.

12 TIMAR: Tysdag morgon har mennene site fast i korga i 12 timar. Då hadde dei allereie jobba i korga ein heil dag. Håpet er at mennene skal bli redda ned med helikopter ut på føremiddagen.

Byrjar å bli kalde

Ved 07-tida tysdag morgon ventar ein på at det skal lysne og at vêret skal lette. NRK-reporter Vidar Gudvangen som er på staden seier mennene har hatt kontakt med selskapet gjennom natta.

– Det er fleire tilsette frå kraftselskapet her som meir eller mindre har heldt vakt i natt. Dei har hatt radiokontakt med dei to i korga som vi skimtar høgt over Nordfjorden, seier Gudvangen til NRK.no.

Mennene har no vore i korga i 12 timar og sjølv om dei er godt kledde byrjar det å merkast at ein har oppheldt seg i ei korg over fjorden.

– Dei melder tilbake at dei fryser. Dei er kalde, men er ved godt mot, rapporterer NRK-reporter Vidar Gudvangen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Arbeidarar som sit fast i korg over Nordfjorden

LENGE: Tidleg tysdag morgon melder arbeidarane som sit i korga at dei er byrja å bli ganske så kalde.

Foto: Øystein Torheim

– Ved godt mot

Det vart i går også gjort forsøk på å reparere den tekniske feilen, fortalde fungerande konsernsjef i SFE, Asgeir Aase til NRK.no måndag kveld.

Han seier problema oppstod kring klokka 18.30, nær ein kilometer ute på fjordspennet. Arbeidskorga er heilt ny, og Aase seier dei ikkje har noko forklaring på kva som skjedde.

– Mennene har det trygt og godt, men vått. Dei har mat og drikke og varme klede. Dei er ved godt mot, men det er sjølvsagt ein ubehageleg situasjon, seier Aase til NRK.no måndag kveld.

(Artikkelen held fram under biletet)

Redningsaksjon over Nordfjorden

MAT OG KLEDE: Eit Sea-King helikopter fekk seint måndag kveld heisa ned meir mat, drikke og klede til mennene som natt til tysdag har måtte overnatte i arbeidskorga høgt over fjorden.

Foto: Jogeir M. Agjeld

Har to planar

Det har vore gjort forsøk på å reparere feilen, utan å lykkast. Politiet opplyste til NRK måndag kveld at eit helikopter ville prøve å få meir mat, drikke og klede ut til dei to karane. Ifølgje Hovudredningssentralen skal ein ha lukkast med dette.

Aase opplyser at den eine av mennene er ein montør i 30-åra, medan den andre er ein lærling.

Arbeidarar sit fast over Nordfjorden

HØGT OVER FJORDEN: Arbeidarane sit fast i ei arbeidskorg minst 100 meter over Nordfjorden.

Foto: Øystein Torheim

Både lokalkjende og HRS opplyser at mennene sit kring 100 meter over fjorden. HRS fekk melding om hendinga i 20-tida måndag kveld.

NRK.no får opplyst at det regnar og bles litt i området. Temperaturen var seint måndag kveld kring 12 grader.

– No jobbar vi etter parallelt med to planar. Den eine er nye forsøk med helikopter når det blir lyst. I tillegg får vi nedover ei ny vogn frå Sunnmøre som vi vil prøve å ta oss ut til mennene i morgon tidleg, seier Aase til NRK.no måndag kveld.

Håpar å hente dei ut med helikopter

Informasjonssjef i Sogn og Fjordane Energi, Kai Petter Sårheim, seier ved 07.20-tida til NRK.no at dei håpar at dei skal kunne hente ned mennene med helikopter i 09-tida.

– Vi håpar å få bort eit helikopter her i nitida. Det blir spennande å sjå om dei få frakta ned mannskapet vårt til trygg grunn, seier Sårheim.

I halvåtte-tida er det surt og vått vêr og skydekket ligg lågt over fjorden. Sårheim seier dei nyttar tida så godt dei kan og at dei samtidig no riggar til ei reservekorg på kraftlinja.

– Vi jobbar parallelt med desse to alternativa, seier Sårheim.

Lite søvn

Sårheim fortel at det har blitt lite søvn på dei to mennene som har overnatta i den vesle arbeidskorga. Korga på 1X1,5 meter byr ikkje akkurat på innbydande stillingar.

– Det er vel knapt plass til at ein får setje seg ned. Men å strekkje seg ut og slik, det får ein ikkje, seier Sårheim.

Rundt midnatt fekk mennene heisa ned meir klede og ein presenning. Denne har dei brukt til å dekke over korga.

– Men når ein sit der oppe i så mange timar utan noko å varme seg på, så blir ein kald, seier Sårheim.

Han seier at dei truleg veit litt meir om kva som skjer i 9-tida.

Luftspennet mellom Agjeld og Stavenes i Stryn.

FAST: Mennene dreiv vedlikehaldsarbeid på luftspennet over Nordfjorden då dei måndag kveld fekk problem.