Hopp til innhold

- Det var inga god kjensle å sjå helikopteret reise

Lærling Kristoffer Espelund (18) og linjemontør Kåre Olav Farstad (31) kjem aldri til å gløyme natt til 11. september 2012. Det var ei kald og våt oppleving, 100 meter over Nordfjorden i ei bittelita korg.

Farstad og Espelund

SLITNE, MEN GLADE: F.v. Kåre Olav Farstad og Kristoffer Espelund har fått eit spesielt forhold etter over eit døgn i ei bittelita korg 100 meter over Nordfjorden.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Det var kaldt og vått. Stort sett heile tida, seier Kåre Olav Farstad.

Tysdag føremiddag vart dei to karane redda av mannskaå frå Sunnmøre alpine redningsgruppe, samt mannskap frå Røde Kors.

Det som berre skulle vere eit vanleg arbeidsoppdrag måndag, vart plutseleg langt meir dramatisk enn kva som var tenkt.

Dei to tilsette i Sogn og Fjordane Energi (SFE) var i ei lita arbeidskorg som hang fast i kraftlinja som går mellom Stavenes og Agjeld i Nordfjord.

Ein teknisk feil gjorde til at korga måndag kveld ikkje ville gå inn att til land.

Tungt å sjå helikopteret fare

Ein ville helst berge dei to karane med helikopter, men vêret sette ein stoppar for dette,og redningshelikopteret måtte fleire gonger avbryte forsøka på å få redde dei to mennene ned.

Karane legg ikkje skjul på at det var tungt å sjå redningshelikopteret nærme seg for å forsøkje å hjelpe, men så måtte gi seg.

– Kva tenkte de når de såg helikopteret prøve gong på gong, og at det måtte gje seg?

– Nei, det var ikkje nokon kjekk følelse å sjå helikopteret fare, seier Kristoffer Espelund.

– Det var kjipe greier, rett og slett, seier Kåre Olav Farstad.

(Artikkelen held fram under videoen)

Her firer Kåre Olav Farstad og Kristoffer Espelund seg dei 100 meterane frå arbeidskorga til båtane under høgspentlinja.

SJÅ: Her blir dei to montørane fira ned.

Sleppte ned klatreselar

Etter å ha gitt opp å berge dei to med helikopter, lukkast det å sleppe ned klatreselar og tau til dei to karane tysdag føremiddag, i håp om at dei skulle klare å fire seg ned frå korga sjølve.

Til alt hell hadde Farstad eit snev av klatreerfaring frå før.

– Eg har drive og klatra litt før. Eg var med i ein klatreklubb ein gong i tida, så eg har litt erfaring, men ikkje så mykje, seier Farstad.

– Eg har aldri vore borti det før, men det gjekk bra. Det var flinke folk nede på sjøen, seier Espelund.

Han innrømmer at han var litt nervøs.

– Ja, i det eg tippa meg utfor kanten, så var eg litt nervøs, seier Espelund.

(Artikkelen held fram under biletet)

Her blir mennene fira ned frå korga over Nordfjorden

HANG HØGT: Her er karane i ferd med å fire seg ned frå korga.

Foto: Øystein Torheim

Maks uflaks med vêret

Men det er langt tid å tilbringe over eit døgn i ei bittelita korg på ein gonger halvanna meter.

– Kva gjorde de på for å slå i hel tida?

– Vi prata skit. Det var veldig lite anna å finne på, seier Farstad.

– Og når det gjalt vêret, så var det i grunn maks uflaks, seier Espelund.

Bles godt heile natta

Trass i gode klede, har det vore ei lang og kald natt for begge to.

– Det var surt og kaldt, og bles mykje. Også på natta bles det mykje, seier Farstad som er den mest røynde av dei to karane.

– Hadde du trudd at noko slikt kunne skje?

– Tja. Det bør ikkje skje, seier Farstad.

– Nei, dette var noko heilt nytt for min del, seier Espelund.

– Men de har kanskje vorte kjende med kvarandre på ein heilt spesiell måte etter dette?

– Det har vi, seier Farstad og ler.

(Artikkelen held fram under biletet)

På veg i land

LETTA: – Det var utruleg flinke folk i båtane, seier Kristoffer Espelund.

Foto: Øystein Torheim / NRK

Har vore eit tøft døgn

Sjølv om påkjenningane har vore store for dei to oppe i korga, har kanskje påkjenninga vore vel så stor for slekt og vener som har ottast over korleis dette skulle gå.

Ein av dei som har vore uroa er Jostein Espelund, faren til 18 år gamle Kristoffer, som er lærling i SFE.

– Det har vore eit tøft døgn, prega av uvisse og lite søvn. Eg fekk vite om det i går kveld at dei sat fast, og vi var ein tur innover til Stryn og var der til i natt. Men det er lite ein kan gjere, seier pappa Jostein Espelund.

Jostein Espeland

TØFT: Jostein Espelund, som er faren til ein av dei to som sat fast i ei lita korg 100 meter over Nordfjorden i natt, er letta over at alt no er over.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Espeland rosar gjengen som har drive på i nær eit døgn for å få dei to karane ned.

– Det har vore ein utruleg gjeng rundt oss her. SFE har vore flinke til å informere heile tida, så etter forholda har det gått greitt, seier Espelund.

Snakka med sonen fleire gonger

Han var i kontakt med sonen eit par gonger på telefon, sjølv om det var lagt avgrensingar på telefonbruken, for at dei skulle ha batteri til naudsynt ringing.

– Eg spurte no korleis dei hadde det, og dei var i godt mot i natt. Då vi drog i natt, så sat dei jo att der i mørkna, seier pappa Espelund.

Men på land hadde SFE folk heile natta, så dei var ikkje overlatne til seg sjølve på noko vis.

– Vi drog inn att i dag tidleg, og vart litt meir uroa då eg snakka med Kristian i dag tidleg. Både kulden og det at det var trongt i korga, sette preg på dei, seier Espelund.

(Artikkelen held fram under biletet)

Redningshelikopter prøver å berge ned arbeidarane over Nordfjorden

VANSKELEGE TILHØVE: Sea King- helikopteret hadde krevjande tilhøve då det prøvde å redde dei to mennene.

Foto: Øystein Torheim

Var uroa over dårleg vêr

Han kjende motet sokk då han måtte sjå på at Sea King-helikopteret ikkje klarte å hjelpe.

– Då vi såg korleis vêret sette inn med sterk vind og nedbør, då tenkte eg at dette går ikkje, seier Espelund.

Men han rosar alle for å ha opptredd svært profesjonelt. Og då bagen med rapelleringsutstyr vart firt ned i korga, vart han letta.

– Det var ei utruleg lette når vi såg at dei firte seg ned. Vi var litt smårørte heile gjengen, og det var tilløp til applaus, seier Espelund, som er glad det gjekk så bra som det gjorde.

Imponert over redningsfolka

– I dag tidleg når vêret var som det var, så var det litt stussleg stemning. Men dei hadde mange kort i ermet her, så det var på ein måte litt artig å sjå kor mange flinke redningsfolk som klarar å samle seg raskt for å hjelpe, rosar Espelund.

Han ser fram til å få ta med seg Kristoffer heim til Nordfjordeid.

– Då blir det vel litt kaffi og kaker, og ikkje minst ei god natts søvn. Det er ei utruleg lette at dette gjekk bra, seier Espelund.