Hopp til innhold

Sea King måtte leite etter havarist

To menn i 60-åra fekk tekniske problem med kartplottaren. Ved Sakrisøy i Hyllestad rende den 26 fot store sjarken rett på eit skjær.

Sea King

BERGA: Eit Sea King-redningshelikopter frå Florø plukka opp dei to mennene i 60-åra.

Foto: Jon Vaag Eikeland / Forsvaret

Mennene, som begge er heimehøyrande i Hordaland, vart berga opp av eit redningshelikopter frå Florø.

Redningsleiar Ola Våge ved Hovudredningssentralen på Sola, seier redningsaksjonen ikkje var heilt utan dramatikk.

– Det vart litt leiting. Mennene gav opp feil posisjon, og det var ganske stor skilnad i høve til kvar dei trudde dei var. Så Sea King brukte nok eit ekstra kvarter på å leite etter dei, fortel Våge.

Teken med til Florø

Mennene meldte ifrå om at dei hadde gått på eit skjær ved Askvoll, men redningshelikopteret søkte sjarken inn på sambandet og lokaliserte den til noko lengre sør.

Emmy Dyvi

RYKTE UT: Emmy Dyvi.

Foto: Redningsselskapet

Også redningsskøyta Emmy Dyvi rykte ut, men mennene vart plukka opp av redningshelikopteret og teken med til Florø i god behald.

– Mennene var i god behald. Det er ikkje mistanke om promille, opplyser politiet.

Tekniske problem

Våge seier det ikkje var fare for at båten ville gå av grunn og søkke.

– Båten låg godt på skjæret, og den låg stødig. Så det var ikkje store problem, seier han.

Mennene skal ha forklart at dei fekk tekniske problem med kartplottaren.

– Så dei mista litt oversikt over kvar dei var ein periode. Når ein er i mørkret og går på kartplottar, og ikkje følgjer med i kartet, så kan det vere ei utfordring, seier Våge.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.