Hopp til innhold

Butikksjefen angreip ranar - "Det var rein galskap, sett i ettertid"

Sekund før Olav Birkeland kom inn i butikken, lada gjerningsmannen hagla. Då Birkeland angreip mannen bakfrå, hadde han ikkje aning om kor farleg det eigentleg var.

Kollage Spar Bygstad

GLAD: Butikksjef Olav Birkeland er glad det enda godt, sjølv om avvæpninga ikkje var heilt etter boka.

Foto: Johan Moen / NRK

– I etterkant så var det galskap å gå inn i noko slikt. Men det ser du ikkje før etterpå. Heldigvis gjekk det bra, men det kunne gått frykteleg gale, for det er ikkje slik du skal gjere det, seier Birkeland.

Då ranet av Sparbutikken i Bygstad gjekk føre seg fredag ettermiddag like før klokka 18.00, vart han oppringt av ho som sat i kassa, med beskjed om å komme så raskt som råd, fordi det var eit ran på gang.

Trudde det heile var tull

Birkeland var då på utestaden Tønna, som ligg vel 200 meter unna butikken, der han rigga lydanlegg til ei tilstelling laurdag.

– Då eg kom bort i butikken, såg det litt merkeleg ut. Eg trudde først det var noko teatergreier, at det var noko som var laga til på tull, seier Birkeland, som steig inn i butikken i full fart.

– Eg kom bakfrå, og mannen var maskert, så han høyrde ikkje at dørene opna seg. Eg reiv han bakover, og vi hamna begge på ryggen, seier Birkeland.

Lite visste han då om at den desperate mannen i 60-åringen berre sekund før hadde ladd hagla. I realiteten kunne kva som helst ha skjedd då Birkeland og mannen hamna i basketak på golvet.

(Artikkelen held fram under videoen)

Susanne Otterstad Osen var inne i butikken da den ble ranet.

Vitne til ran

Gav nokre velretta slag

To av kundane som stod og såg på, kom til for å hjelpe. Slik fekk dei ifrå mannen hagla.

– Vi delte på å gi han nokre velretta slag slik at vi fekk overmanna han og fått av han maska, seier Birkeland.

Karane nytta også hagla som slagvåpen for å halde gjerningsmannen i sjakk. Som følgje av det vart mannen i 60-åra skadd i basketaket, og måtte ein tur innom legevakten før han vart med på politistasjonen.

Handla på rein refleks

I kampens hete tenkte ikkje butikkeigaren det spor på at situasjonen var farleg. Det sørgde adrenalinet for.

– Det var ein sånn reflekshandling. Men det er ikkje etter boka, seier Birkeland.

For det var ikkje gitt at det var Birkeland som skulle trekkje det lengste strået i ein slåstkamp. Birkeland er knappe 1,75 meter på sokkeleisten. Ranaren er minst 10 centimeter høgre.

– Eg handla i sinne og affekt, og det gjer at ein dreg til, seier Birkeland.

(Artikkelen held fram under videoen)

En Spar butikk i Bygstad ble forsøkt ranet med hagle.

Ran i Bygstad

Trur mannen var i pengeknipe

Han er takksam for at to av dei tre kundane i køen trådde til og hjelpte han med å halde gjerningsmannen i ro til politiet kom.

Dei veit godt kven mannen er, og Birkeland er viss på at mannen ikkje var rusa.

– Nei, han var ved sine fulle fem. Men han var truleg i ei veldig knipe. Han snakka iallfall om pengeproblem etter at vi hadde fått roa han, teke frå han bilnøklar og heile pakka, seier Birkeland.

Er klar for jobb att i morgon

Kjøpmannen har drive butikk i Bygstad i 30 år, men han har ikkje opplevd noko liknande i butikken.

Og avskremd er han ikkje.

– Nei, både eg og ho som sat i kassa, samt ei anna, skal på jobb i morgon. Vi reknar med vi skal klare det. Det er einaste måten å gå vidare på. Vi må jobbe oss gjennom det, seier Birkeland.

Han fortel at politiet har vore flinke i forhold til debrifing.

– Og også det å prate med media hjelper veldig. Vi får snakka gjennom det mange gonger, og det trur eg er bra. Så får vi sjå ut over kvelden, seier Birkeland.

Han trur ikkje episoden øydelegg nattesøvnen.

Er eit ranssikkert system

– Jau då, eg trur eg kjem til å sove godt. Eg er jo sunnfjording, ler Birkeland.

Han legg til at ransforsøk elles er ganske fånyttes, då dei fleste butikkar har såkalla cash guard.

– Vi får ikkje ut pengar av kassa uansett. Dette er eit ranssikkert system, men det er det ikkje alle som er klar over. Dette skal vere ein tryggleik både for dei som sit i kassa, men også for dei som driv. Så difor tenkjer ein ikkje tanken på at slikt kan skje ein gong, seier Birkeland.