Hopp til innhold

Desse har gjeve Sogndal trøbbel

Sogndal var på desperat jakt etter tre poeng på bortebane mot Fredrikstad søndag kveld, men gjekk på eit skuffande tap mot botnlaget frå Østfold. Kampen enda 2–1. No blir det ein tung haustsesong i kampen mot nedrykk.

Martin Pusic
Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Det starta så bra for sogndølene på bortebane mot botnlaget Fredrikstad søndag kveld. Allereie etter 9 minutt sette stryningen Ulrik Flo inn sitt sjuande mål for sesongen, Sogndal låg i føringa 1–0.

LES OGSÅ: Pusic sendte FFK opp på trygg grunn

Olsson trur på framleis tippeligaspel

Det var mykje nervar i kampen og då Fredrikstad sin Pusic drog til med eit hardt skot mot Sogndal sitt mål, var det ein uheldig Azar Karadas som sette ballen bak eigen keeper. Karadas, som elles spelte ein god kamp for sitt nye lag, var sjølvsagt svært skuffa. Det var også trenar Jonas Olsson etter kampen.

Jonas Olsson

SKUFFA: Det var ein skuffa songdaltrenar som måtte sjå laget tape mot Fredrikstad.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det var ein jamn kamp, og vi hadde håpt på eit poeng. No må vi bite i det sure eplet. Det var nokre negative detaljar som vart avgjerande, og Fredrikstad er eit godt lag på heimebane, seier Olsson.

Han meiner likevel laget har 95 prosent sjanse for å bli verande i tippeligaen.

Då heimelaget Fredrikstad tok føringa litt ut i andre omgang, måtte Sogndal framover på bana. Eit tap mot eit lag lenger nede på tabellen ville skape krise i Sogndal. NRK sin Sogndal-ekspert Jon Navarsete sa dette før kampstart i ettermiddag.

– Eg håper dei tenkjer: No skal vi ta dei. Dei må vere kaldare i hovudet. Denne kampen er utruleg viktig. Med tap er dei under streken, og då er det tungt å komme seg derifrå, seier Navarsete.

Svært tung haustsesong

Sogndølene pumpa ballar opp mot motstandaren sitt mål i eitt kjør dei siste minutta, men det ville seg ikkje for Sogndal. Dermed enda kampen 2–1. Trenar Olsson er etter kvart lei alle spørsmål om nedrykk.

– Alle journalistar har tippa at vi kom til å rykkje ned, no er vi motiverte for å vise at de tek feil, seier Sogndal sin svenske trenar. Alle i laget vil bevise det motsette, og vi har ein enorm motivasjon i laget.

– Er du rett mann til å leie laget vidare?

– Det får du spørje styret om, men eg meiner at eg er det.

Sogndal ligg no nest sist på tabellen med 20 poeng. Fredrikstad på si side, kom på "rett" side av tabellen etter heimekampen søndag kveld.