Hopp til innhold

Skaut sund fire fotoboksar

Nokon har skote og øydelagd fire fotoboksar i Naustdalstunnelen. Det vil koste 608 000 kroner å fikse.

Naustdalstunnelen

FIRE FOTOBOKSAR SKOTNE: I Naustdalstunnelen er dei fire fotoboksane ute av drift etter at nokon har skote dei ned.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Det er tv2.no som skriv dette.

– Me har meldt saka til politiet, men me veit ikkje kven som har gjort det, seier seksjonsleiar i Statens vegvesen, Magna Vangsnes, til TV 2.

Fotoboks

(illustrasjonsbilete)

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

I tunnelen er det fire fotoboksar, og alle saman er skotne med eit grovkalibra våpen. Det vil kosta over 600 000 kroner å fiksa – ei rekning skattebetalarane må vera med på å ta om ein ikkje finn gjerninspersonen eller -personane.

Tv2.no skriv at Statens vegvesen måtte reparere skader på skilt, fotoboksar og rekkverk for 160 millionar kroner i fjor. Det er ei auke på nesten 100 prosent på berre fire år.

– Det er mange forskjellige typar skadar. Me har skadar på rekkverk og skilt, hærverk på rasteplassar og folk som stikk av med brannsløkkingsapparat i tunnelane, seier Vangsnes til TV-kanalen.