Hopp til innhold

Redda seg ut då bilen byrja brenne

Fredrik Gilde skulle berre hente ein kamerat på flyplassen då ting gjekk frykteleg gale. Plutseleg stod bilen han køyrde i full fyr.

Bilbrann på vegen opp til flyplassen

FULL FYR: Berre nokre minutt etter at Fredrik Gilde oppdaga flammane stod SMART-bilen i full fyr.

Foto: Odd Tufte

Gilde hadde lånt ein SMART-bil av ein kamerat og var på veg opp til flyplassen på Haukåsen på Kaupanger då bilen plutseleg stogga.

– På den eine sletta, nesten oppe ved flyplassen, stogga bilen. Då eg gjekk ut lukta eg røyk, og såg det komme kraftig røyk frå venstre bakhjul, fortel Gilde til NRK.no.

– Deretter såg eg at det var flammar under bilen, forklarar han vidare.

Gilde heiv seg på telefonen til brannvesenet, men berre nokre minutt etter at han oppdaga røyken og flammane var bilen overtent. Gilde fortel at det no knapt er noko att av bilen.

– Det var ikkje noko særleg å sjå på det. Eg stod der berre i røyken, seier han til NRK.no.

Brannvesenet og mannskap frå flyplassen kom etter kvart til staden og fekk sløkt brannen. Bilen er totalskadd og kva som skjedde er førebels usikkert. Gilde har likevel ein mistanke.

– Eg høyrte nokre smell like før det skjedde, så det tyder på at det er ei feiltenning på motoren, seier han.

Kameraten som hadde lånt han bilen fekk truleg også litt av eit sjokk når Gilde ringte og sa at bilen hadde brunne opp.

– Først trudde han at eg spøkte, men så sa han jo at vi berre måtte ta det for det det er.