Hopp til innhold

Høgre-sjokk i Florø: Nødseth inn som Høgre sin listetopp

Høgre-politikaren Jacob Nødseth har minst ni politiske liv. I kveld vart han sensasjonelt røysta inn som Flora Høgre sin førstekandidat til Stortinget!

Jacob Nødseth held pressekonferanse

INN PÅ TOPP: Jakob Nødseth vart overraskande plassert på toppen av Flora Høgre sitt forslag til stortingsvalliste.

Foto: Bård Siem (MMS-foto) / NRK

Det er avisa Firda som i kveld kan fortelje at Nødseth kom inn frå den politiske kulden og vart banka inn som Flora Høgre sin toppkandidat til stortingsvallista.

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel er ute av listeforslaget til Flora Høgre, det same er Bjørn Hollevik.

– Eg er audmjuk

– Eg er audmjuk overfor den tilliten som medlemene i Flora Høgre har synt meg i kveld. Både på det politiske, men eg skal innrømme også på det personlege planet, seier Jacob Nødseth på telefon til NRK seint onsdag kveld.

– Er dette vedtaket på medlemsmøtet eitt uttrykk for mistillit til den sitjande leiinga i Flora Høgre?

– Eg vil ikkje kommentere leiinga i Flora Høgre, eg vil fokusere på at medlemene i Flora Høgre har gitt meg tillit i kveld, seier Nødseth.

Overraskande vending

I følgje avisa var det Hilmar Eliasson som fremja eit benkeforslag på at Nødseth ikkje berre skulle inn att på lista, men at han skulle ha topplassen.

Om lag 30 Høgre-medlemer var på møtet, som tok denne svært overraskande vendinga etter veker og månader med intern strid i Flora Høgre.

Embla på fjerdeplass

Avisa meiner å vite at nominasjon var eit signal frå medlemene i kommunepartiet kva dei meiner om prosessane med å fjerne Jacob Nødseth frå sine politiske verv og politiske framtid.

Bjørn Hollevik, som av mange vert rekna som ein av arkitektane bak oppgjeret med Nødseth, vart også vraka frå lista. Fylkesleiar i Unge Høgre, Embla Belsvik, fekk fjerdeplassen på Flora Høgre sitt listeforslag.

Mjømen trakk seg

Seinast denne veka gav fylkesleiar i Høgre, Arve Mjømen, beskjed om at han er heilt uaktuell som listekandidat etter alt bråket som har vore både på fylkesplan og i Flora den siste tida.

– Vi er midt inne i ein nominasjonskamp der nokon meiner at eg er blant dei som om mogleg har kjempa mot Nødseth. Noko eg ikkje har gjort i den forstand, sa Mjømen til NRK.