Hopp til innhold

Stryn i ferd med å berge plassen

Etter ein sterk bortesiger mot Sotra, er Stryn sitt 3. divisjonslag i fotball i ferd med å berge plassen.

Stryn etter skåring av Frode Hool Egge

JUBEL: Frode Hool Egge scora sesongens første i 3-2-sigeren over Eid på heimebane. Borte mot Sotra noterte han seg for ytterlegare to mål.

Foto: Stig Høynes

Stryn vann oppgjeret 4–2 etter scoringar ved Frode Hool Egge (2), Petter Hammer og innbytar Ruben Garlid.

– Dette smakte utruleg godt. Vi har teke eit langt steg mot ny kontrakt, jublar tomålsscorar Hool Egge.

Sikrar plassen mot Saga

Med sigeren fredag har stryningane vunne fire av sine åtte siste kampar.

Før resten av laga i divisjonen fullfører den 23. runda denne helga, har Stryn ni poeng å gå på til Radøy/Manger på nedrykksplass.

– Vi har teke viktige poeng dei siste to kampane, og med ein siger til er vi klar for 3. divisjon neste år også. Og den sigeren kjem mot Saga neste helg, seier Hool Egge.

Fekk gode innlegg

Ifølgje firda.no si liveoppdatering stod det 1–1 til pause i 3. divisjonsoppgjeret. Hool Egge starta målshowet med si andre scoring for sesongen etter corner. Petter Hammer gav Stryn på nytt leiinga like etter kvilen.

I løpet av det siste kvarteret vart det tre nettkjenningar. To av desse signert strynespelarane Hool Egge og Garlid.

– Det var to headingar som skulle til i dag, men så må det seiast at eg fekk to veldig gode innlegg frå Stian Sandal, seier tomålsscoraren.

Utan goalgetter

Stryn reiste til Sotra utan rutinerte Tobias Evebø og delt toppscorar Karl Petter Aarsheim. I tillegg har Ibra Jagne returnert til Gambia.

Både Aarsheim og Olle Kristoffersson står med ti mål kvar for Stryn i år. Sistnemnde nøgde seg med to målgjevande pasningar mot Sotra.

– Sotra er eit vanskeleg lag å møte borte, og vi vart pressa bakpå og dei skapte til dels store sjansar. Men vi følte det kunne gå vegen. Vi reiste til Sotra for å ta tre poeng og hadde vilje og guts til å hale det i land, seier Hool Egge.

Som no ser fram til at Stryn bergar plassen i neste helgs heimekamp mot Saga.

Helgas runde i 3. divisjon:

Laurdag

  • Florø – Bergen Nord
  • Eid – Vik
  • Tornado Måløy – Øystese
  • Saga – Årdal FK

Søndag

  • Voss – Radøy/Manger
  • Fyllingsdalen 2 – Førde