Hopp til innhold

- Helikopterstøy høyrer ikkje heime

Støyen frå helikopter høyrer ikkje heime i ein nasjonalpark. Det er hovudargumentet til Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane, som no har sendt brev til Stryn kommune i håp om å stanse bruk av seks helikopterlandingsplassar.

- Dette er ei sak der nokre få vil ha nytte av denne trafikken, medan veldig mange vil ha ulempe av den alvorlege støyen. Dette høyrer ikkje heime i eit område er verna som nasjonalpark, seier Erik Solheim.

- Mindre attraktivt reisemål

Plagsam støy og vern av nasjonalparken er hovudargumenta til Naturvernforbundet i brevet som er sendt til Stryn kommune. Her vert det argumentert for kvifor det ikkje bør kome nye helikopterlandingsplassar. Erik Solheim i Naturvernforbundet er redd for at landingsplassane vil skape mistrivsel.

- Verdien av nasjonalparkern blir redusert, det same gjeld nærområdet og dei klassiske inngangane til nasjonalparken som Stryn har mange av. Eg trur Stryn blir eit mindre attraktivt reisemål med fleire helikopterlandingsplassar.

 - Vil nyte naturen i fred og ro

Helikopterutleige AS har drive med turistflyging i området tidlegare, og kommunen har tilrådd fem nye landingsplassar. Solheim meiner så mykje støy vil få alvorlege konsekvensar.

- Folk kjem til Stryn for å oppleve den storarta naturen i fred og ro utan desse voldsomme tilleggslydane.

- Trur stryningane er samde

Solheim er overtydd om at han får støtte for argumenta sine i Stryn.

- Eg trur mange i Stryn vil ha sans for dei argumenta vi har brukt, vi viet at protestane lokalt er store og. Eg håpar at Stryn kommune legg seg på ei restriktiv linje.