Hopp til innhold

Så mykje får din kommune

Eid kommune er «vinnaren», og Solund taparen, i framlegget til statsbudsjettet for 2013.

Alfred Bjørlo

- INGEN JUBELDAG: Ordførar Alfred Bjørlo i Eid.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Regjeringa la fram sitt framlegg til statsbudsjett for 2013 klokka 10 i dag. Den fylkesvise oversikta viser at dei største kommunane får meir, medan dei minste kommunane får mindre.

  • SEI DI MEINING OM STATSBUDSJETTET NEDERST I SAKA.

Får mest, men jublar ikkje

Eid kommune får ein vekst i på 6,2 prosent i overføringane. Kommunen der Alfred Bjørlo (V) sit som ordførar ligg inne med nær 17 millionar kroner meir i overføringar.

Men Eid-ordføraren meiner det ikkje er grunn til den store jubelen. Han seier dei har fått omtrent det dei hadde venta.

– Det som skjer er at Eid neste år får auke i utgifter som her blir kompensert med auka inntekter frå Staten. Dette er ikkje milde gåver som gjer at vi får auka handlerom. Krone for krone må brukast til auka tenestetilbod til innbyggjarane.

Han syner til at Eid neste år får ein auke i talet på ressurskrevjande brukarar av kommunale tenester, det er behov for auka tenestetilbod til eldre, og det blir og auke i talet på born som treng skule og barnehageplass.

Bjørlo ser likevel det positive i at Eid kommune får kompensert for dei auka utgiftene.

– Alternativet hadde vore at vi ikkje fekk kompensert for desse utgiftene, og det hadde i så fall ført til kutt i andre område, men det er ingen jubeldag.

(Artikkelen held fram under avrøystinga)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Solund derimot får den lågaste veksten med 1,8. Dei ligg inne med vel 61 millionar kroner i overføringar.

Dårlegare enn landsgjennomsnittet

Seniorrådgjevar Kåre Træen hjå Fylkesmannen seier kommunane i Sogn og Fjordane kjem dårlegare ut enn landsgjennomsnittet.

– Som tidlegare år er det skilnader mellom kommunane. Dette er ei dårlegare utvikling enn i 2012, då vi låg på landsgjennomsnittet.

Hovudinntrykket er at dei store kommunane i fylket kjem betre ut enn dei små. Dette stadfestar Træen.

– Folketalsutviklinga i kommunane har ein del å seie for dei frie inntektene. Det heng saman med at ein vekst i folketalet fører til større behov for kommunale tenester.

– Ser ikkje noko valflesk

Ole Gunnar Krakhellen

SER IKKJE NOKO VALFLESK: Ordførar Ole Gunnar Krakhellen i Solund.

Foto: Steinar Lote / NRK

Ordførar Ole Gunnar Krakhellen (H) i Solund seier dette er dårlegare enn han hadde håpa.

– Vi er vane med å ligge under landssnittet, men det er aldri kjekt å sjå at vi veks mindre enn andre og difor må snu meir på kronene enn andre kommunar.

Krakhellen ser ikkje mykje av den distriktsprofilen Senterpartiet marknadsfører seg på i dei tala han har lese for Solund sin del.

– Eg kan ikkje sjå at det er noko som liknar på valflesk for Solund sin del, men det kan vere fordi vi er så små at dei har prioritert valflesket i dei store kommunane.

Må kanskje innføre eigedomsskatt

– Når vi ser at berre fire kommunar i Sogn og Fjordane får ein vekst på over landssnittet, og Solund kjem dårlegast ut i Sogn og Fjordane, så seier det sitt. Dette gir oss ein vanskeleg budsjettprosess, den var vanskeleg før budsjettframlegget, og blir iallfall ikkje betre no.

No innser Høgre-ordføraren at Solund kanskje må innføre eigedomsskatt for å få nok inntekter.

– Vi må og sjå på tenestetilbodet og vurdere å redusere på det for å få budsjettet i hamn.

Taper p.g.a. låg skatteinngang

Kåre Træen hjå Fylkesmannen kan stadfeste at dei små kommunane med folkestalsnedgang er taparane.

– Ja, men dei siste åra er det gjort nokre tiltak innanfor dei frie inntektene som skal styrke også dei minste kommunane. Skattedelen av dei samla frie inntektene er blitt redusert, og mange av desse kommunane har lite skatteinntekter.

– I 2013 aukar skatteandelen av dei frie inntektene, og dette slår negativt ut for skattesvake kommunar

– Folketalsutviklinga i kommunane har ein del å seie for dei frie inntektene. Det heng saman med at ein vekst i folketalet fører til større behov for kommunale tenester.

På landsbasis er veksten venta å vere på 5,1 prosent, medan kommunane her i fylket kjem noko dårlegare ut med ein vekst på 4,2 prosent.

Dette får kommunane (tal i 1000 kr.)

Kommune

Anslag i frie inntekter 2013

Vekst frå anslag på rekneskap 2012-2013

Vekst i prosent

Sogn og Fjordane fylkeskommune

2 155 879

89 970

4,4

Flora

582 630

23 267

4,2

Gulen

147 676

3 458

2,4

Solund

61 269

1 066

1,8

Hyllestad

92 059

2 854

3,2

Høyanger

231 447

6 634

3,0

Vik

156 004

3 811

2,5

Balestrand

87 621

1 761

2,1

Leikanger

116 781

3 018

2,7

Sogndal

339 651

10 314

3,1

Aurland

104 449

2 330

2,3

Lærdal

126 429

2 833

2,3

Årdal

276 072

8 249

3,1

Luster

273 429

8 563

3,2

Askvoll

171 919

5 997

3,6

Fjaler

162 028

4 618

2,8

Gaular

157 237

4 538

3,0

Jølster

172 268

3 635

2,2

Førde

585 763

28 530

5,1

Naustdal

150 744

4 862

3,3

Bremanger

235 136

10 237

4,6

Vågsøy

314 976

8 629

2,8

Selje

157 370

4 440

2,9

Eid

291 529

16 932

6,2

Hornindal

77 745

1 680

2,2

Gloppen

311 205

7 257

2,4

Stryn

362 458

9 327

2,6

Fordelast gjennom året

11 350

 

 

Sogn og Fjordane

5 763 244

188 889

3,4

Ekspander/minimer faktaboks