Hopp til innhold

Ein person til sjukehus etter utforkøyring

– Køyr forsiktig! er oppmodinga frå politiet. I morgontimane i dag vart ein person frakta til sjukehus etter ei utforkøyring.

Det er glatt på vegane i fylket, og har vore minusgrader fleire stader. NRK har fått inn fleire meldingar om at det er glatt på vegane no i morgontimane.

– Ein bil var på veg sørover over Utvikfjellet, ned mot Byrkjelo, då han køyrte i autovernet og deretter ut av vegen. Ein person er skada og blir frakta til sjukehuset i Førde, men slik det ser ut no er det ikkje alvorleg, seier Per Rimmen, operasjonsleiar ved politiet sin operasjonssentral.

Han oppfordrar folk til å ta hensyn til at det er glatt på vegane.

– Det er glatt på mange strekninga i fylket no i morgontimane, so køyr forsiktig! seier han.

Politiet dirigerer trafikken på staden, men so snart bilberging er på staden, vil vegen bli opna for normal ferdsel.