Hopp til innhold

Mann sit verfast på turisthytte

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Mannskap frå Aurland Røde Kors skal søndag kveld prøve å ta seg inn til ein mann som sit verfast på ei turisthytta Kongshelleren på grensa mellom Sogn og Fjordane og Buskerud.

Kongshelleren

KONGSHELLEREN: Det er på denne hytta mannen sit verfast søndag kveld

Foto: Marius Nergård Pettersen UT.no

Mannen er frisk og uskadd, men tok kontakt med politiet søndag ettermiddag fordi han ikkje klarer å ta seg ned til Aurland på eiga hand. Hytta der mannen er, blir kalla Kongsheller-hytta, og ligg i 1500 meters høgde. Det snøar tett i området.

Kongshelleren

KONGSHELLEREN: Det er på denne hytta mannen sit verfast

Foto: Marius Nergård Pettersen UT.no

– Vi har sendt ut fire mannskap og dei reiste ved 18-tida søndag kveld, fortel operativ leiar, Trygve Skjerdal. Mennene frå Aurland vil få ein strabasiøs tur, for det ligg opp mot 30 centimeter snø i området, og dei er nok ikkje framme før tidlegast klokka 21 i kveld.

Skjerdal har sjølv vore i kontakt med mannen, som ikkje har navigasjonsutstyr til å ta seg fram på fjellet. Etter det Røde-Kors leiaren kjenner til, skulle mannen gjere noko reperasjonsarbeid på turisthytta.

– Vi må vurderer forholda ut over kvelden, og skulle dei bli vanskelege må vi avbryte operasjonen no i kveld. Vi tek ingen sjansar, seier Skjerdal.

Turisthytta ligg ved eit stort vassmagasin som Aurland Kraftag har bygd, og det er veg heilt fram til hytta. Men det er ikkje nok snø i området til å køyre scooter og islagt vatn gjer at Røde Kors heller ikkje kan bruke båt fram til Kongshelleren.

Først ved 22-tida i kveld får Trygve Skjerdal svar på om mannskapet frå Aurland Røde Kors klarere å ta seg fram til mannen.