Hopp til innhold

To bilar kolliderte i tunnel

To bilar frontkolliderte onsdag ettermiddag mellom Olden og Innvik i Stryn. To personar blei skadde og sende til sjukehus.

To personar til sjukehus etter frontkollisjon i Holentunnelen mellom Olden og Innvik

FRONTKOLLISJON: Dei to bilane har fått store skader i samanstøyten. Sjå video.

Ein mann i 60-åra er flogen til Haukeland universitetssjukehus med luftambulanse. Han skal ha fått moderate skader.

Den andre bilføraren var ei kvinne i 60-åra. Ho blei sendt til Førde sentralsjukehus med ambulanse. Ho ligg på intensivavdelinga med lettare skader, opplyser AMK.

Ulukka skjedde i Holentunnelen på fylkesveg 60. Det var ein person i kvar av bilane. Politi, brannvesen, luftambulanse og ambulanse rykka ut til ulukkestaden som blei varsla klokka 15:55.

Årsaka til samanstøyten er førebels ukjend og saka blir etterforska av Stryn lensmannskontor.

Vegen var ei stund stengd ved tunnelen, men den gamle vegen på utsida av tunnelen har blitt brukt som omkøyringsveg. Fylkesveg 60 er no opna att.

Trafikkulukke på fylkesveg 60
Foto: Birger Meland / NRK