Hopp til innhold

Må stenge kommentarfeltet grunna sjikanøse innlegg

Distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane, Rolf Sanne-Gundersen, har bestemt at kommentarfelta skal stengast. Årsaka er mange usaklege og til dels sjikanøse, anonyme innlegg.

Distriktsredaktør Rolf Sanne-Gundersen

STENGER KOMMENTARDØRENE: Rolf Sanne-Gundersen har bestemt at kommentarfelta på nrk.no/sf skal stengast.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg har i mange år vore ein varm forsvarar av debattar på nettet og synest også dei har hatt sin misjon i ein del saker. Men opp gjennom åra og ikkje minst i det siste så har vi blitt plaga av veldig mange «nettroll» som skriv usaklege kommentarar, seier Rolf Sanne-Gundersen.

– Dei er nok i mindretal, men dei øydelegg for den gode debatten og dei øydelegg mykje av sakene og det dei eigentleg handlar om, seier distriktsredaktøren til NRK.no.

– Totale avsporingar

Han meiner at svært mange av debattinnlegga på nettsidene er totale avsporingar og at dei er usaklege, sjikanerande og veldig slitsame for både lesarar og andre brukarar av NRK Sogn og Fjordane sitt nettilbod.

– Inntil vi får eit modereringssystem på plass som gjer at folk må registrere seg med fullt namn og skrive innlegg under fullt namn, så tenkjer eg at vi ikkje opnar opp for kommentering meir på våre nettsider, slår redaktøren fast.

Forsvarar ytringsfridomen

– Kva tenkjer du om ytringsfridomen i høve det du no har bestemt?

– Det er difor eg lenge har forsvart at folk i nokre saker kan vere tente med å vere anonyme. Det kan vere kontroversielle saker der det kan vere vanskeleg i små samfunn å stå fram med fullt namn og seie si meining, seier Sanne-Gundersen.

– Ingen verdi

Men det veg ikkje lenger opp for alle dei anonyme og usaklege kommentarane, meiner NRK-sjefen i Sogn og Fjordane.

– Då ser eg ikkje lenger at dette har nokon verdi, seier han.

– Og i alle fall ikkje når eg får så mange negative tilbakemeldingar frå brukarane våre om at kommentarfelta er fulle av innlegg som gjer at andre ikkje torer å ytre seg under fullt namn, sjølv om dei ønskjer det, slår Sanne-Gundersen fast.