Sva vart funnen hardt skadd i vegkanten like ved ein skule i 08.30-tida laurdag morgon. Han var då ute for å lufte hunden sin før han skulle møte jaktkameratane. Då han ikkje dukka opp til avtalt tid byrja kameratane å leite etter han.
Det vart umiddelbart sett i gang med livreddande førstehjelp, men etter kort tid vart Sva erklært død.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Politiet avslutta i går kveld dei kriminaltekniske undersøkingane på åstaden og tidleg måndag var obduksjonsrapporten klar.
– Den viser at det har vore ei påkøyrsle, men eit stort eller eit lite køyrety, seier politistasjonssjef i Kongsvinger, Bjørn Berntsen, til NRK.no.
Til avisa Glomdalen stadfestar Berntsen at dei jaktar på ein bildrapsmann.
– Ein eller annan stad der ut sit det no ein eller fleire personar som har ein frykteleg hemmelegheit, og som truleg følgjer med på kva som kjem fram i media, seier stasjonssjefen til avisa.
Han ber om at den eller desse personane melder seg så snart som mogleg til politiet. Berntsen seier til avisa at det kan vere fleire grunnar til at personen som køyrte bilen ikkje har meldt seg.
– Det kan vere mange årsaker til det, Sjokk, panikk. Vi spekulerer ikkje i kvifor, men håpar at føraren melder seg. Jo lenger tid det går utan at vedkommande gjer det, dess verre blir det, seier Berntsen til avisa Glomdalen.
Halvor Johan Sva er fødd og oppvaksen i Årdal, og har hatt eit småbruk i Naddvik som han har brukt som fritidsbustad.