Hopp til innhold

- Ikkje ha belte utanpå vinterjakka

Har du tenkt over at du ikkje burde ha bilbeltet utanpå den tjukke vinterjakka di? Det burde du, meiner Vegvesenet.

Bilbelte innanfor og utanpå jakka

SLIK OG IKKJE SLIK: Har du bilbelte utanpå jakka går det lenger tid før det tek tak i deg om du skulle vere ute for til dømes ein bråstogg. Vegvesenet ber deg difor om å leggje bilbelte innanfor jakka.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Forklaringa er ganske så enkel.

– Det kan vere avgjerande for kor skadd du blir om du er ute for ei trafikkulukke, åtvarar Statens vegvesen.

– Tar lenger tid før beltet tek tak

Når vi no går vinteren i møte er det mange som kler godt på seg når dei skal ut å køyre bil. Kanskje skal du berre den korte turen til jobb eller på butikken, og bilen er slett ikkje så varm og behageleg som du hadde tenkt deg.

Men å bruke bilbelte utanpå tjukke jakker eller utanpå dei tjukke vinterdressane til barna er ingen god ide, åtvarar Statens vegvesen.

Konsulent Mona Iren Lid i Førde ber folk tenkje seg godt om før dei klikkar i beltet utanpå vinterkleda.

– Bilbeltet skal ta tak i deg om du er i for eksempel ein bråstogg. Har du på deg ei tjukk jakke så vil det ta litt lenger tid før beltet tek tak i deg rett og slett, forklarar ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

NRK-fotograf Stig Indrebø demonstrerer feil bruk av bilbelte

IKKJE SLIK: NRK-fotograf Stig Indrebø demonstrerer korleis ein ikkje bør ha bilbelte – altså utanpå jakka.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Dra ned glidelåsen

Ho seier at dei på denne tida av året prøver å informere folk om korleis det best mogleg kan sikre seg og barna sine i bilen vinterstid.

– Vi ber folk om å opne opp jakkene sine, opne opp vinterdressane på barna sine og leggje beltet nærast mogleg kroppen, seier ho.

– Dra ned glidelåsen og legg beltet inn mot kroppen, så kan ein heller legge jakka utanpå.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Avgjerande for utfallet av ei ulukke

For mange vinterjakker og dressar byggjer gjerne litt ut. Ei dunjakke til dømes kan byggje ut nokre centimeter, og desse centimeterane kan få store konsekvensar om ulukka først skulle vere ute.

– Når ein tenkjer på dei kreftene som er i sving ved ein bråstogg, og kva tyngde ein kjem kastande med, så kan dette vere avgjerande for skadeomfanget, seier ho.

Ho seier det er vanskeleg å seie noko eksakt om kor mykje meir skadd ein kan bli om ein har beltet utanpå den tjukke jakka eller vinterdressen. Eit utfall av ei ulukke vil vere svært avhengig av kva som skjer og kor stor fart bilen har når uhellet er ute, seier ho.

– Men eit belte er meint å halde deg på plass når du kjem utfor noko. Det rykkjer deg på plass og du sit fast, og med ei tjukk jakke vil det ta lenger tid, seier ho.

– Mange som ikkje tenkjer over det

Når Vegvesenet i tida framover har bilbeltekontrollar rundt om kring langs vegane nyttar dei høve til å informere om nettopp dette. Det gjorde dei også under kontrollen dei hadde like ved NRK-huset i Førde onsdag føremiddag. Då kontrollerte dei 56 køyrety og skreiv ut ei bot.

Lid seier det er mange som ikkje har tenkt over at dei utset seg for større fare når dei brukar bilbelte utanpå jakka, enn om dei tek det innafor.

– Eg trur ikkje alle tenkjer over dette. Difor er det viktig for oss å informere om det, og folk er veldig takksame for at vi seier frå, seier ho.

Beltekontroll Førde

NESTEN ALLE: Berre ein av dei 56 kontrollerte måtte reise vidare med beltebot etter kontrollen i Førde onsdag. Samtidig nytta kontrollørane høve til å informere om korleis ein bør bruke belte vinterstid.