Det er den årlege Luttprisutdelinga til NRK Sogn og Fjordane som i år vert arrangert saman med Trivselshagen på Sandane.
Hit kjem artistar som Sigrid Moldestad, Odd-Erik Lothe, Oddvar Torsheim, Vreid, Line Dybedal Vederhus, Mellow Marsh og Steinar Karlsen. Dette er første gong prisutdelinga vert arrangert på Sandane.
– Vi gler oss veldig til å invitere folk til den flotte storsalen i Trivselshagen. Eg trur det kjem til å bli ein stemningsfull kveld du ikkje har sett maken til.
– Kor elles får du sjå verdsstjernene i Vreid spele saman med Sigrid Moldestad, spør prosjektleiar Stian Sjursen Takle.
Populære radiolåtar
Fleire av artistane som står på scena har hatt store radiolåtar i løpet av året. Alle desse får du høyre om du tek turen til Trivselshagen.
Her blir det både «Himlen har sove bort mørkret» med Sigrid Moldestad, «Vere to» med Lothe, stemningsfulle «Nordfjordnatt» med Sigrid Moldestad og Lothe og «It’s an Illution» med Line. I tillegg blir det både låtar du har høyrt før og heilt nye som du aldri har høyrt.
Konserten vert arrangert i samarbeid med Trivselshagen og startar laurdag klokka 18.
- LES OGSÅ:
Noko du aldri har sett før
Tidlegare har Luttredaksjonen sett saman musikarar som ikkje har spelt saman før. Dette skjer også denne gongen. Svartmetallrockarane i Vreid er verdsstjerner innan sin sjanger, og har hatt ein stor draum om å få spele Oddvar Torsheim sine låtar.
No får dei oppfylt draumen saman med både Torsheim sjølv og Sigrid Moldestad på scena.
– Dette blir kunst, og noko ein berre kan få med seg dersom ein sit i salen denne kvelden, seier Stian Sjursen Takle.
Han er programleiar for Luttgallaen saman med kollega Stein Aase i NRK.
(Artikkelen held fram under biletet)
Nytt fylkesband får syne seg fram
Luttredaksjonen prioriterer også denne gongen å syne fram unge talent. Dei har plukka opp bandet Mellow Marsh frå Firda vidaregåande skule. Dei sju ungdomane som kjem frå kvar sin kommune vart tilfeldig sett saman ved skulestart. Dette fungerte så bra at dei skapte sitt eige skuleband.
Den siste tida har dei hatt fleire lokale jobbar, men er no klare til å syne seg fram for heile fylket på luttgallaen til NRK Sogn og Fjordane i Trivselshagen.
– Musikklinja ved Firda vidaregåande har utvikla nokre av dei beste musikalske talenta frå fylket. Difor er det kjekt at vi i jubileumsåret deira kan samarbeide om å vise fram eitt av banda frå skulen, seier Sjursen Takle.
Årets artist skal kårast
I løpet av sendinga blir også Luttprisen – årets artist frå Sogn og Fjordane delt ut. 25 artistar er nominerte til prisen som er både stipend på 25.000 frå Sparebanken Vest og eit kunstdiplom av Oddvar Torsheim.
Tidlegare har Eva Weel Skram, Sigrid Moldestad, Håvard Lothe, The Generous Days fått prisen.
På nettsidene til NRK Sogn og Fjordane kan ein fram til onsdag røyste på sin favoritt:
Nett-tv og radio
For dei som ikkje har høve til å vere i salen produserer medielinja ved Firda vidaregåande ein eigen nett-tv direkte frå Trivselshagen.
Denne kan du følgje på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider, som også vil sende deler av konserten i sine radiosendingar framover.