Hopp til innhold

SFE-arbeidarar sat fast i arbeids- vogn 150 meter over bakken

To menn sat fast i ei vogn på taubana som går til Mel kraftstasjon i Balestrand onsdag. Det vart iverksett ein redningsaksjon og like før klokka 13.30 er dei to henta ned i god behald.

Redningsaksjon for menn som sit fast i taubane

SIT FAST: Eit redningshelikopter er på plass for å prøve redde ut dei to arbeidarane som sit fast i vogna på taubana.

Foto: Robert Jan Leerink

Politiet fekk like over klokka halv elleve onsdag føremiddag melding om at to personar sit fast på taubana som går til Mel kraftstasjon i Vetlefjorden i Balestrand. Det er arbeidarar frå Sogn og Fjordane Energi (SFE) som har fått problem.

Ifølgje Hovudredningssentralen skal vogna dei to mennene er i ha kilt seg fast. Vogna vart hengande mellom 150 og 200 meter over bakken.

SISTE: Klokka 13.25 melder HRS at eit redningshelikopter har henta ned dei to i god behald.

Helikopter raskt på plass

Eit redningshelikopter landa i området klokka 12.10 og byrja førebu seg på å hente ut dei to. Det skal ha vore godt flyvêr i området.

HRS opplyste i 12-tida at det var to alternativ. Mennene kunne enten bli heisa opp i helikopteret, eller de fire seg ned med tau.

Jostedalen alpine redningsgruppe vart kalla ut til området for å hjelpe til. Det same vart ei redningsgruppe frå Bergen.

Vogna heng 1100 meter frå nedre stasjon og 600 meter frå næraste mast.

(Artikkelen held fram under biletet)

Redningsaksjon ved Mel kraftstasjon - politi

TAUBANE: Det er i ei vogn på taubane til Mel krastasjon i Vetlefjorden at mennene har blitt sitjande fast.

Foto: Robert Jan Leerink

Henta i god behald

Klokka 12.35 starta redningshelikopteret opp og flaug opp til vogna.

Her skal dei to ha blitt redda ut, begge i god behald, opplyser redningsleiaren ved Hovudredningssentralen til NRK.no like før klokka 13.30.

Produksjonsdirektør Ola Lingaas i SFE er glad alt gjekk så bra.

– Aksjonen har gått på skinner. Dei vart løfta opp i helikopteret og har no fått trygg grunn under beina, seier han til NRK.no kort tid etter at dei to mennene er sett på bakken att.

– Det har ikkje vore ein kritisk situasjon i forhold til liv og helse, men det er aldri noko kjekt å måtte stogge på halvvegen på ei to kilometer lang bane.

– Ikkje forsvarleg å køyre vidare

Lingaas seier dei fekk melding om problema med taubanevogna i 09.30-tida onsdag føremiddag. Taubana blir brukt til person- og varetransport og dei to mennene var på veg opp til kraftstasjonen for å gjere ein mindre jobb.

– Trekkvaieren på vogna har kilt seg. Vi har vore i kontakt med leverandøren og spurt om det var forsvarleg å køyre vidare med folk inni.

– Vi fekk råd om at vi fekk folka ut før vi løyste det tekniske, seier Lingaas til NRK.no klokka 12.30.

Dei to mennene er i 50 og 60-åra og er ifølgje Lingaas svært erfarne.

– Dette er rolege og sindige karar, dei ventar på kva som skal skje.

(Artikkelen held fram under biletet)

Redningsaksjon ved Mel kraftverk

HEISE OPP: Det blir rundt klokka 13 gjort forsøk på å redde opp dei to mennene med eit Sea King-helikopter.

Foto: Robert Jan Leerink

Sat fast over fjorden

Det er litt over to månader sidan to andre SFE-arbeidarar måtte overnatte i ei korg 100 meter over Nordfjorden. Den gong fekk arbeidarane tekniske problem med korga.

Dårleg vêr gjorde redningsarbeidet vanskeleg, og etter fleire mislukka redningsforsøk med helikopter måtte mennene til slutt fire seg ned til sjøen ved eiga hjelp.

SFE fekk etter denne redningsaksjonen refs av Arbeidstilsynet. Det ligg ikkje føre brot på lover og føresegner, men SFE var ikkje budd på ein slik situasjon, meinte tilsynet.

Selskapet hadde ikkje gjennomført kurs for redning ute på linje, fastlagt instruksar for naudevakuering, eller utstyrt korga med nødvendig utstyr for nedfiring.

SFE har no lært opp sine tilsette til å berge seg ned om liknande situasjonar skulle oppstå igjen. Ei veke etter aksjonen hadde dei fått på plass redningsutstyr på plass.

(Artikkelen held fram under biletet)

Arbeidarar som sit fast 100 meter over Nordfjorden

MÅTTE OVERNATTE: To SFE-tilsette måtte overnatte i denne korga, 100 meter over Nordfjorden, etter at korga dei var i fekk tekniske problem. Dette er no litt over to månader sidan.

Foto: Montasje: Øystein Torheim

– Forskjellige situasjonar

Etter redningsaksjonen over Nordfjorden sa fungerande konsernsjef Asgeir Aase i SFE at det var svært usannsynleg at noko liknande kunne skje igjen.

Men no er det altså nettopp det som har skjedd.

– No er vi der og då må vi berre handtere det ryddig, profesjonelt og sikkert. Det er ganske forskjellige situasjonar.

– Dette er som sagt ei taubane, og den går opp og ned jamleg. Det er på plass nedfiringsutstyr inne i vogna, seier Lingaas.

Dei har tenkt seg opp i arbeidskorga igjen, dei to kraftline-montørane som i går blei berga ned på bakken igjen i Stryn.
Då hadde dei hunge i den vesle korga 100 meter over fjorden i over eitt døgn.

VILLE OPP ATT: Linjemontørane som vart sitjande fast i ei korg over Nordfjorden vil opp at på kraftlinja. (SJÅ TV-SAKA frå september).