Hopp til innhold

Kritisk for skadd dumperførar

Tilstanden er kritisk for føraren som onsdag ettermiddag vart med dumperen han førde utfor ein kring 30 meter høg skrent og ned i ei elv på Filefjell.

Sakna dumperførar funnen på E16.

LEITA: Etter vel ein time i elva vart dumperføraren berga opp etter ulukka på Filefjell.

Foto: Privat

Politiet fekk melding om ulukka klokka 14.37. Vel ein time seinare vart mannen lokalisert og henta ut frå hytta som låg under vatn.

Filefjell var ein periode stengd på grunn av ulukka. Politiet opplyser onsdag kveld at tilstanden er kritisk for mannen.

– Vi veit ikkje om den har rygga utfor, eller køyrt utfor. Det er relativt høgt der ulukka skjedde, seier prosjektsjef Kjartan Hove i Statens vegvesen.

Haukeland Universitetssjukehus opplyser klokka 23 onsdag kveld at tilstanden til den 20 år gamle mannen er kritisk.

Til Haukeland

Etter det NRK kjenner til er skrenten kring 30 meter høg. Kassen på dumperen vart ståande på hjula i elva, medan hytta hadde vridd seg og låg på sida.

Mannen vart like før klokka 16 henta ut av førarhuset, og vart frakta med helikopter til Haukeland Universitetssykehus. Ulukka skjedde i eit anleggsområde i nærleiken av Maristova.

– Det pågår massetransport av stein. Vi veit berre at ein dumper tilhøyrande ein underentreprenør av Mesta har hamna i elva. Ein vart henta ut og frakta til sjukehus. No må vi finne ut av kva som skjedde, opplyser Hove.

Alle etatar rykte ut

Politiet opplyser at dumperen var tom då den køyrde utfor skrenten og hamna i elva.

Alle naudetatar er varsla og redningshelikopter vart varsla om ulukka.

– No går føre seg det søk etter personen som skulle køyre dumparen. Redningsetatar, brann, luftambulanse, ambulanse, redningsbil og politi er varsla. Helse og politi er komne til staden, sa operasjonsleiar Per Rimmen til NRK.no i 15.30-tida. Ein Sea King med redningsdykkarar var også på veg.

Prega av ulukka

Det går føre seg vegarbeid i området ettersom E16 over Filefjell skal få stamvegstandard. Anlegget skal etter planen ferdigstillast i 2017.

Arbeidarane var i ettermiddag og kveld i debriefing.

– Det er trist at slikt skjer, og dei som arbeider der er naturlegvis prega av hendinga. Det er ein relativt liten arbeidsstokk som arbeider der, og alle kjenner alle. Eg håpar at debriefing hjelper på, seier Hove.