Hopp til innhold

Fall minst seks meter frå stillas

Ein 27 år gamal polsk arbeidar er frakta til Førde sentralsjukehus etter ei arbeidsulukke i Naustdal.

Haust i Naustdal 17

ULUKKE: Ein person er skadd etter ei arbeidsulukke i Naustdal.

Foto: Glenn Thomas Nilsen

Politiet fekk melding om ulukka like før klokka 16. Mannen skal ifølgje politiet ha arbeidd på eit bustadkompleks då stillaset gav etter.

Mannen vart køyrt til sjukehuset i Førde, men helsetilstanden er førebels ikkje kjend.

Arbeidstilsynet er rutinemessig varsla om hendinga og politiet veit førebels ikkje kva som har skjedd.

AMK opplyser onsdag kveld at den 27 år gamle mannen vart lettare skadd og er lagt inn på vanleg avdeling.