Hopp til innhold

- Utruleg at han er oppegåande

Då bilen brasa utfor vegen flaug den fleire meter før den landa langt nede i ei skråning. Der vart bilen liggjande på taket før den tok fyr. – Utruleg at føraren er oppegåande, seier politiet.

Bil køyrde av vegen og tok fyr i Selje

KUNNE GÅTT VERRE: Politiet meiner det er utruleg at føraren ikkje vart hardare skadd etter ulukka.

Foto: Politiet

Forbipasserande oppdaga like før klokka halv fem i natt ein bil som hadde køyrd av vegen og teke fyr ved Eide i Selje. Det var ingen personar i og rundt bilen då folk kom til, men politiet vart seinare kontakta av bilføraren.

Mannen i 20-åra er mistenkt for køyring i rusa tilstand, og vart teken med til blodprøvetaking. Han skal sjølv ha hevda at han var uskadd då han kom i kontakt med politiet.

Etter kvart skal han ha klaga på smerter i bryst og ei skulder, og vart frakta med ambulanse til sjukehus for observasjon.

(Artikkelen held fram under biletet)

Køyrde av vegen - bilen tok fyr

TOTALVRAK: Slik såg bilen ut etter at bilbergingsmannskapet hadde fått den opp frå grøfta.

Foto: Politiet

Flaug fleire meter

Politioverbetjent Nils Bakke ved Selje lensmannskontor meiner det er smått utruleg at mannen ikkje har blitt hardare skadd. Bilen har fått svært store skader og har hatt ein skikkeleg flygetur før den til slutt hamna på taket langt nede i skråninga.

– Bilen har kome frå Selje i retning Kjøde, der han like forbi Eide-krysset har køyrt utfor vegen. Bilen har gått over ein støypekant og landa eit godt stykke nede i skråninga.

– På ein eller annan måte har den teke fyr og bilen er no heilt utbrent, fortel politimannen.

Og det er ingen liten flygetur bilen har teke. Bakke fortel at bilen vart funnen mellom 20 og 30 meter frå vegen. Frå støypekanten og ned til plassen der bilen var liggjande på taket er det ein høgdeskilnad på 7–8 meter.

– Den har floge og kappa av ein del tretoppar på vegen, seier Bakke.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bil tok fyr etter utforkøyring

STORE SKADER: Bilen fekk store skader etter utforkøyringa, før den tok fyr. No er bilen totalvrak.

Foto: Privat

– Heilt utruleg

Han meiner mannen kan prise seg lukkeleg for at han kom frå det utan store skader.

– Ut ifrå korleis bilen ser ut og korleis den ligg, så er det heilt utruleg at han som var i bilen er oppegåande i det heile, seier politimannen.

Han forklarar at bilen har fått store kollisjonsskadar, før den seinare tok fyr. No er den så utbrent at det blir vanskeleg for politiet å finne ut kvifor den byrja brenne. Politiet jobbar no med å finne ut kor fort bilen køyrde då ulukka skjedde og har bede Vegvesenet om hjelp.

Kva mannen sjølv har forklart om det som skjedde vil ikkje Bakke kommentere no.