Hopp til innhold

Klare for sogneduell på Åråsen

Laurdag barkar Stabæk og Røa for andre året på rad saman i kvinnenes cupfinale i fotball. Sentrale på kvart sitt lag står sognejentene Elise Thorsnes og Siri Nordeide Grønli.

Siri Nordeide Grønli og Elise Thorsnes.

SOGNADUELL: Siri Nordeide Grønli (t.v.) og Elise Thorsnes møtes for andre året på rad i ein cupfinale.

Foto: Fotomontasje

I fjor trekte Stabæk det lengste strået med 7–6 på straffesparkkonkurranse.

Uansett utfall på årets cupfinale, vil Sogn og Fjordane få ein smak av cupgull med ein spelar på kvart av laga.

– I fjor vart det vel spennande for oss spelarar også, så vi satsar på å avgjere det tidlegare i år enn i fjor, seier ein skråsikker Siri Nordeide Grønli kvelden før ettermiddagen der cupmeisterskapen for kvinner skal avgjerast.

Revansjelystne

Nordeide Grønli fekk sjølv æra av å sette inn Stabæk si sjuande scoring i straffekonkurransen. Etter ordinær tid og ekstraomgangar stod det 2–2 i den tette og jamne cupfinalen.

Eit tap Røa, eller «Dynamite Girls» som dei kallast, er svært så lystne på å revansjere. På Røa spelar også Kine Kvalsvik.

– Sjølvsagt. Det var inga god oppleving å tape den finalen. Det vil vi helst ikkje gjere igjen. Vi har vunne to frå før, og den kjensle er mykje betre enn å tape. Vi er veldig revansjesugne i morgon, Elise Thorsnes, Røa-spissen som i fjor vart både årets spelar og årets toppscorar i Eliteserien for kvinner.

Mange finalar

Leikanger-jenta Thorsnes vunne to av tre cupfinalar med fjorårets seriemeister. Nordeide Grønli frå Høyanger har ikkje oversikt over kor mange cupfinalar ho har fått, men ei rask oppteljing viser at ho laurdag spelar sin sjuande cupfinale. Dei aller fleste for Asker før dei skifta namn til Stabæk.

Stabæk tok i år seriesølv, medan Røa hamna på ein skuffande fjerdeplass. Thorsnes meiner det får lite å seie når cupfinalen blir sparka i gang. Ho trur ikkje at Røa er dårlegare enn i fjor.

– For vår del vart vel mykje avgjort i første del av sesongen, med seks av 18 moglege poeng på dei seks første kampane. Vi kom seint i gang og hadde mange ute med skader, seier ho og legg til:

Bergar sesongen

– Eit cupgull vil berge sesongen for vår del.

Når Røa spelar sin sjette cupfinale sidan 2004, skjer det på Åråsen i Lillestrøm. Både Thorsnes og Nordeide Grønli er skuffa over å ikkje få avslutte sesongen på Ullevaal, slik cupfinalistane for herrar, Hødd og Tromsø, får gjere på søndag.

– Det viser at herrefotballen har ein litt større posisjon i norsk fotball, og det er naturleg slik det er no. Men ei cupfinalehelg er ein lang og god tradisjon i Norge som mange andre land misunner oss. Det er trist å ikkje bevare det, seier Nordeide Grønli.

– Trist og urettferdig

Den siste cupfinalen for kvinner på Ullevaal var i 2004.

Argumentasjonen for å flytte kvinnefinalen vekk er at grasmatta på landslagsarenaen ikkje toler to kampar på ei helg så seint på året.

– No har eg spelt på Ullevaal to gonger med landslaget, og det var ei fantastisk oppleving. Eg tykkjer det er både trist og urettferdig at vi ikkje får spele der, seier landslagsspissen Thorsnes.

– Tøft og jamt

Cupfinalistane frå Sogn tippar begge 2–0 til sine respektive lag. Når lunsjen, kampanalysane og grasmatta på Åråsen er inspisert, er det 11 mot 11 som tel.

Fotballen er rund, men det er uansett det laget som scorar flest mål kan til slutt kalle seg cupmeistrar 2012.

– Det blir ein tøff og jamn kamp, og i ein cupfinale kan nok nervane også spele inn. Det er så pass mykje meir merksemd kring ein slik kamp enn det plar vere. Her er det dei som har nervane litt i behald, og klarer å setje i gang sitt eige spel, som vil stikke av med sigeren, seier Stabæk-spelar Nordeide Grønli.