Hopp til innhold

Vil du vere med i barne-TV?

NRK Sogn og Fjordane er på jakt etter gutar og jenter mellom 4 og 8 år som vil vere med i serien «Klart eg kan».

Klart eg kan 8

KLART EG KAN: Allereie før sesong 2 av barne TV-serien «Klart eg kan» kjem på lufta, har NRK Sogn og Fjordane starta jakta på born som kan vere med i sesong tre av den populære dokumentarserien på NRK Super.

Foto: Øystein Torheim

«Klart eg kan» er ein dokumentarserie om ungar som skal meistre ting eller tore å gjere noko dei aldri har gjort før. Borna prøver seg på ting dei har lyst å klare eller kanskje dei jobbar for at ein draum skal gå i oppfylling.

Kjellrun Lavik

TIPS: Kjellrun Lavik ynskjer tips om born som gjerne vil vere med på Barne-TV.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Den første av to ferdigproduserte sesongar har allereie vore vist på TV, og tysdag 8. januar 2013 blir det sesongstart for sesong 2.

I løpet av 2013 skal NRK Sogn og Fjordane lage den tredje sesongen av serien og vi vil gjerne ha tips om ungar som kan vere med.

Kjenner du nokon som skal vere brudejente, trekkje ei tann, ta sprøyte, driv med skihopp, får seg eit nytt kjæledyr eller skal vere med på noko anna spennande eller utfordrande så ta gjerne kontakt med oss.

Eva Westvik

STARTA: Eva Westvik har dei siste åra arbeidd med å lage Barne-TV.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Ring NRK Sogn og Fjordane; 57 72 42 42 eller skriv ein e-post til Kjellrun.Lavik@nrk.no eller Eva.Westvik@nrk.no

Her kan du sjå «Klart eg kan» sesong 1, medan du kan sjå alle episodane av barne TV-serien «Her er eg» ved å klikke her.