Hopp til innhold

Var med på 260 julebord - og det heldt på å knekkje han fullstendig

På det meste var Endre Gjerde heilhjarta med på tre julebord i løpet av éin dag. – Eg åt like godt på alle tre, seier 68-åringen.

Endre Gjerde

BERRE KAFFI: I dag byr Endre Gjerde gjerne på skulebollar og wienerbrød, men et ikkje sjølv. – Då ligg eg vaken halve natta, seier diabetikaren.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Eg meiner eg var borti 26 julebord kvart år, ti år i strekk. Så eg veit kva julemat er, seier Endre Gjerde frå Hermansverk.

– Altså grovt rekna 260 julebord?

– Eg har ikkje rekna på det, men eg åt godt på alle, ler den pensjonerte fruktbonden, lokalpolitikaren og organisasjonsmannen frå Sogn.

Tillitsverv og julebord

God appetitt og smaken på det søte og feite liv ligg sjølvsagt i grunn for det som kan henda er verdsrekord i julebord, men det er ikkje den einaste forklaringa:

I denne perioden var nemleg gjerde grossist i tillitsverv, og sat i styret for alt frå den lokale banken til Gartnerhallen Vest.

– Det starta som regel slutten av oktober med styremøte i Hardanger Saft. Me hadde julebord der, og sidan gjekk det slag i slag. Eg berre åt og åt. Eg vart ikkje lei heller.

Et fint dekket julebord

MYKJE GOD MAT: 26 julebord kvart år i ti år gjekk hardt ut over helsa til Endre Gjerde.

Foto: SAM STADENER / AP

– Åt alltid like godt

Det heile toppa seg ein desemberdag 80-talet. Vestlandske salslag hadde styremøte på føremiddagen klokka 12. Leikanger formannskap hadde årets siste møte klokka 14 og staben på Leikanger Fruktlager hadde julebord på kvelden.

Gjerde sat i alle tre styra, og alle hadde julemiddag...

– Eg åt like godt på alle tre. Eg vog det ikkje, men det var sikkert like mykje.

(Artikkelen held fram)

FØR OG NO: 26 julebord kvart år i ti år heldt rett og slett på å ta knekken på Endre Gjerde. No har han eit heilt anna forhold til julematen.

«Super size me»

– Om ein et så mykje feit julemat gir det fort alvorlege helsekonsekvensar som for høg kolesterol, avleiringar i blodårer og så vidare. Du tullar med mykje av systema i kroppen, rett og slett, seier kosthaldsekspert Jannicke Roede.

Ho dreg parallellar mellom Gjerde sin desemberdiett og den amerikanske dokumentarfilmen «Super Size Me», der filmskaparen Morgan Spurlock levde på McDonalds-mat i ein månad.

– Legen hans hadde aldri sett maken til forverra helse på så kort tid, og dette er litt det same. Om du et så mykje feit mat på kort tid er det ikkje rart at ein merkar det på helsa, seier Roede.

Siste dans

Og helsekonsekvensane kom til Endre Gjerde til slutt. Då det vart spelt opp til dans etter Sogn og Fjordane senterparti sitt julebord i desember 1985, var Gjerde ved vegs ende.

– Det var ikkje berre det at eg sveitta. Det perla av meg så eg vart suppande blaut. Då spurde ho eg dansa med om eg hadde målt blodsukkeret mitt i det siste. «Nei, aldri», svarte eg.

Han legg til:

– Då fekk eg beskjed om å gå til legen på måndagen, fortel Gjerde.

Innhenta av helsa

Han gjekk rett frå legekontoret ut i ein ventande ambulanse som tok han til Lærdal sjukehus. Ein ting var diabetes, som han sjølvsagt hadde fått, ein annan ting var overvekt.

135 kilo og ein BMI på over 43 kvalifiserer til det legevitskapen kallar ekstrem overvekt.

– Overlegen var heilt forskrekka og gav meg eit kosthaldskjema eg stort sett har følgt sidan. Dermed gjekk eg ned 40 kilo berre med å ete annleis – ikkje mindre, seier Gjerde.

Ikkje like godt no

Han har ikkje kutta ut julematen, men reiser ikkje på 26 julebord i året lenger. Årsakene til det er samansette. Då han vart pensjonist slutta han i tillitsverva og måtte dermed betale for julematen sjølv.

I tillegg meiner han ribba ikkje smakar like godt lenger.

– Det beste eg kunne få var ribba til ho «Kikka» på Elvegard Kafe i Leikanger. Der var det skikkeleg spekesmak. Det du får på hotella i dag er meir som saltakjøt. Så i år et eg julemat på julaftan, og det kan henda eg nøyer meg med det. Me får sjå, seier den tidlegare tungvektsmeisteren i julebord.