Hopp til innhold

Bikkjekaldt - og slik held det fram

Søndagen starta med knallblå himmel og temperaturar langt nede på den blå skalaen. Og slik skal det også halde fram utover i veka.

Sognefjellshytta i minus 25 grader

KALDT: Sognefjellshytta hadde 25 minusgrader søndag morgon. Og slik skal temperaturen også halde seg i dagane framover.

Foto: Webkamera Sognefjellshytta

– Det ser nokså likt ut i store delar av Sogn og Fjordane. Det er rolege vindforhold og mykje bra vêr, seier statsmeteorolog Berit Hagen til NRK.no.

Etter ein heller mild start på vinteren med mykje gråvêr i november, har desember starta med eit langt meir vinterleg preg.

Her er nokre målingar

Første søndag i advent har iallfall vore svært så kald. Her er nokre av dei kaldaste målinga meteorologen har funne for NRK.no søndag morgon:

  • Fjærland: – 12
  • Oldedalen: -11
  • Sogndal: -12
  • Førde: – 10
  • Lærdal: -8
  • Sognefjellshytta: – 25

–Det er ingen grunn til at temperaturane skal auke så mykje utover dagen, og heller ikkje utover i veka, seier Berit Hagen.

(artikkelen held fram under biletet)

Verradar - utan ei sky på himmelen

IKKJE EI SKY: Biletet syner vêrradaren til yr.no. For ein gongs skuld nesten utan ei sky over fylket ...

Foto: Skjermdump frå yr.no

– Det er flott adventsvêr

For også i dagane framover er det meldt stabilt kaldt og klart vêr. Og sånn skal det også bli så lenge vi har austavind.

– Vi ventar å få mykje av det same vêret framover. Det kan bli nokså kaldt – også litt kaldare enn vi har hatt søndag, seier meteorologen.

– Det blir ikkje mykje snø, heller. Så det ligg an til kalde og fine dagar. Rett og slett flott adventsvêr, seier Hagen.