Hopp til innhold

Her fann politiet mannen sin bil - oppe i dalen og heilt inst i vegen

Politiet har ikkje eitt einaste spor å gå etter i søket etter den ustabile mannen i 20-åra i Oppstryn. Laurdag fann dei mannen sin bil inst inne i dalen.

Fann bilen inst i Erdalen i Oppstryn

HER VAR BILEN: Politiet fann bilen til den sakna mannen i 20-åra heilt inst i dalen i Erdal.

Foto: Arne Vik / NRK

– Vi har ingen observasjonar. Det er nesten som å leite etter nåla i høystakken, seier operasjonsleiar Stig Inge Hauge til NRK.no.

Mannen i 20-åra brukte kniv då han laurdag truga til seg ein bil i området opp mot Strynefjellet. Først seinare på dagen vart bilen funnen att i Erdalen i Oppstryn.

Politiet bad folk halde seg innandørs, då dei har opplysningar som tilseier at mannen er psykisk ustabil.

Politiet er ikkje lenger væpna

Utover laurdagskvelden søkte væpna politi gjennom fleire hus i området, utan å finne noko som helst. Søndag er søket starta opp att med hjelp av Røde Kors, redningshundar og luftambulansen.

– Vi søkjer framleis. Har ikkje funne noko førebels, opplyser Stig Inge Hauge ved operasjonssentralen.

Politiet søkjer no utan å vere væpna.

(Artikkelen held fram under biletet)

Leiter med hundar etter mann i Erdalen i Stryn

LEITER MED HUNDAR: Redningshundane er ute med fem ekvipasjar for å leite etter mannen.

Foto: Arne Vik / NRK

Ber om tips på telefon

Politiet fann laurdag bilen til den sakna mannen i enden av ein skogsveg i Erdalen. Ein konsentrerer no søket ut frå denne bilen.

Men dei har førebels ingen observasjonar å halde seg til.

– Vi oppmodar folk som kan ha sett noko om å melde frå til politiet så snart som råd, seier Hauge.

Det har vore ei svært kald natt med temperaturar ned mot ti minusgrader i området.

Mannen er om lag 180 centimeter høg, og han skal vere tynn. Mannen kjem opphavleg frå Rogaland. Politiet ønskjer tips på telefonnummer 02800.

Leiter etter ustabil mann i Erdal, Stryn

ERDAL: Det er i dette området søraust for Oppstrynsvatnet i Stryn mannen skal vere.

Foto: Skjermdump frå Google maps