Hopp til innhold

Knivmann kan ha kome seg vekk

Leitinga etter den ustabile mannen som laurdag brukte kniv for å truge til seg ein bil i Stryn har så langt vore resultatlaus. Politiet ser ikkje vekk frå at mannen kan ha klart å kome seg ut av området.

Fann bilen inst i Erdalen i Oppstryn

BORTE VEKK: Sidan laurdag har store styrkar leita etter mannen i Erdalen i Stryn. Politiet ser ikkje vekk frå at mannen kan ha klart å kome seg ut av området.

Foto: Arne Vik / NRK

– Det er eit alternativ, absolutt, seier operasjonsleiar Kjetil Avsnes ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.no.

Søndag kveld vart leitinga etter den psykisk ustabile mannen avslutta for dagen, men når det blir dagslys måndag vil søket starte opp att.

Det har gått halvanna døgn sidan mannen forsvann i Erdalen i Stryn, og politiet har ingen sikre observasjonar av han sidan.

Ikkje sett sidan laurdag

Mannen i 20-åra brukte kniv då han laurdag truga til seg ein bil i området opp mot Strynefjellet. Først seinare på dagen vart bilen funnen att i Erdalen i Oppstryn. Politiet bad folk i området om å halde seg innandørs og byrja leite etter mannen.

Både laurdag og søndag vart det leita med store mannskap i området, men til no har ein ikkje sett spor av mannen som opphavleg er frå Rogaland.

– Bilen blei køyrt til vegs ende i Erdalen, og forlaten der. Det blei gjort ein observasjon her, og det er den siste sikre observasjonen vi har, seier Avsnes til NRK.no.

Utover laurdagskvelden søkte væpna politi gjennom fleire hus i området, utan å finne noko som helst. I går søkte ein vidare i område med både eit redningshelikopter, politihundrepatruljar, hundar frå Norske Redningshundar og mannskap frå Røde Kors.

Heller ikkje søk med varmesøkjande kamera har gitt resultat.

– Det er ikkje gjort nokre sikre observasjonar, så vi veit ikkje kor han er, seier Avsnes.

(Artikkelen held fram under biletet)

Røde Kors er med på søk etter mann i Erdal i Stryn

INGEN SPOR: Mannskap frå Røde Kors har vore med på leitinga som til no har vore resultatlaus.

Foto: Arne Vik (MMS-foto)

Kan ha kome seg unna

Når det lysnar vil ein starte opp att leitinga, i dag vil også ei alpin fjellredningsgruppe delta. Avsnes seier det står att å søke i eit område som med vanskeleg terreng. Erdalen ligg søraust for Hjelle i Stryn, ikkje langt unna riksveg 15.

– Kan mannen ha stukke seg vekk og kome seg ned på hovudvegen og av garde?

– Det er eit alternativ. Dalføret er ikkje meir enn ein vel tre kilometer, så er det er noko som vi har hatt som eit alternativ.

– Sjølv etter at det har kome inn ein del tips, så er det ingen sikre observasjonar på at han skal ha forlaten staden, legg han til.

Folk som bur i Erdalen synest det er skummelt og uverkeleg at ein ustabil mann er sporlaust forsvunnen i bygda.

Håpar å finne mannen i god behald

Avsnes seier leitemannskapa har teke seg ganske høgt opp i fjellet og gjort søk på det som er av hytter i området.

Det har vore kaldt vêr i området, natt til søndag var det til dømes ned i ti minusgrader. Operasjonsleiaren seier dei heller ikkje kan utelukke at mannen har vore utsett for ei ulukke om han har rømt i fjells.

– Vi held oppe framleis trykket i forhold til at dette er ein redningsaksjon.

– Vi håpar sjølvsagt at vi skal finne denne mannen i god behald, det ønskjer vi veldig sterkt, så vi får sjå og håpe på det beste, seier Avsnes til NRK.no.