Hopp til innhold

Nei til felling av oter

Direktoratet for naturforvalting seier nei til felling av oter i Gloppeelva.

Oter
Foto: NRK

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane hadde sagt ja til å felle tre oterar, men dyrevernorganisasjonen NOAH anka avgjerda inn for direktoratet, og har fått medhald. Det seier førstekonsulent Susanne Hanssen i direktoratet.

 

 

- Innstramming av praksis

- Oteren er på den norske raudlista, og er vurdert som ein art vi bør overvake og ta omsyn til. Vi ynskjer å gje nokre signal til fylkesmennene om korleis dei skal handsame slike saker.

Direktoratet registrerer ulik tolking av forskriftene om skadefelling av oter hos dei ulike fylkesmennene rundt i landet, og Hanssen vedgår at overprøvinga av Fylkesmannen sitt løyve betyr ei innstramming av praksis.

- Ja, det kan du seie. Vi ønskjer å legge oss på ei restriktiv linje.

Oterbestanden er ikkje truga

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane innstilte på å avslå anken frå NOAH mellom anna avdi oterbestanden i fylket er aukande, og er korkje truga eller sårbar. Derimot har villaksen vanskelege vilkår og treng tiltak for å sikre god gytebestand og rekruttering. Flaskehalsen som laksetrappa i Evebøfossen i Gloppen er for laksen si frie vandring, gjer det lett for oteren å gjere stor skade her. Difor tilrådde dei fellingsløyve.

- Nøydde til å gje avslag

Fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal seier avgjerda i departementet betyr ei klar innskjerping av praksis her i fylket.

- I tilsvarande saker med søknad om felling av oter er vi nøydde til å gje avslag. Samstundes skal kvar sak handsamast for seg, og det kan vere andre skader oteren gjer i eit vassdrag som er nytt i forhold til denne saka.

Fylkesmannen har frå tid til anna gjeve fellingsløyve for oter etter ein romslegare praksis enn den det no vert lagt opp til.

Leidulf Djupegot, som er leiar i Gloppen elveeigarlag, er oppgitt over direktoratet.