Hopp til innhold

Har hatt lyttepostar ute i natta

Lyttepostar med hund og varmesøkjande kamera har i heile natt vore ute i Erdalen i Stryn. Sidan laurdag har ein ustabil mann vore sakna i området, heller ikkje i natt har ein sett spor av han.

Leiter med hundar etter mann i Erdalen i Stryn

VEKKE: Ingen har sett spor av mannen sidan laurdag ettermiddag.

Foto: Arne Vik / NRK

På fjerde dagen vil store styrkar tysdag morgon starte søk etter mannen i 20-åra frå Rogaland som er sporlaust vekke i dalføret i Stryn. Laurdag ettermiddag brukte han kniv då han truga til seg ein bil på veg opp på Strynefjellet, bilen var seinare funnen att inst i dalen.

Politiet har fått hjelp av både eit redningshelikopter eit fly frå Norsk Aero Klubb, mannskap frå Røde Kors, ei rekkje hundeekvipasjar og ei alpin redningsgruppe i søket etter mannen.

Sjølv om ein no altså har søkt gjennom dalen og fleire støylar i området, er det ingen som har sett snurten av mannen.

Vand med å gå i fjellet

Politiet sa i går at dei framleis hadde som utgangspunkt at mannen var i live. Både mobiltelefon og bankkortet til mannen er spora, og politiet har førebels ikkje grunn til å tru at han har reist frå området.

NRK fekk i går opplyst av politiet at mannen er i god form og vand med å gå i fjellet. Det er likevel grunn til å tru at han ikkje er kledd eller har med seg utstyr til å vere ute i dei temperaturane som har vore dei siste dagane.

Det har vore ned mot 15 minus i området sidan mannen forsvann.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Politi og leitemannskap står heilt utan spor etter 20-åringen som laurdag truga til seg ein bil på Strynefjellet og sidan køyrde til Erdalen i Oppstryn. 
Det har vore svært kaldt i dalen dei siste dagane, og mannen var ikkje kledd for fjellet.

SJÅ TV-SAKA: Politiet sa måndag at dei framleis hadde som utgangspunkt at den sakna mannen er i live.

Har diagnose

Etter det politiet kjenner til var mannen på gjennomreise då han måndag truga til seg ein bil på Strynefjellet. Folk i området vart bedne om å halde seg innandørs då bilen vart funnen att i Erdalen i Oppstryn.

Politiet stadfestar måndag at mannen har ein psykisk diagnose, men ynskjer ikkje å gå nærare inn på det. Dei kjenner ikkje til om han har familie eller vener i området.

Mannen er om lag 180 centimeter høg, og han skal vere tynn. Politiet ønskjer tips på telefonnummer 02800.

Startar opp att når det blir lys

Når søket startar opp att i 08.30-tida tysdag er det altså på fjerde dagen at store styrkar søkjer etter mannen. Politiet opplyser at det i dag vil vere 25 personar frå Røde Kors som skal delta i søket, saman med åtte hundeekvipasjar frå Norske Redningshundar, ti personar frå Alpin Redningsgruppe frå Jostedalen og Lom.

I tillegg har politiet eigne folk og eigne hundar som skal søke vidare. I går vart det sagt frå politiet at dei vurderer eit finsøk i området. Det er ulendt og vanskeleg terreng i Erdalen og det var i går område politiet ikkje var heilt sikre på at dei hadde vore over.