Hopp til innhold

Sande skreiv rasistiske reisebrev

Jakob Sande skreiv fleire brev som kan bli oppfatta som rasistiske. På sjømannsreisene på 1930-talet skildra diktaren søramerikanarane som primitive og usiviliserte.

Jakob Sande
Foto: NTB/Scanpix

Opplysningane kjem fram i ein ny biografi om Jakob Sande.

- Det er litt ekkelt å lese i dag. Det seier Ove Eide, som skriv biografien om den folkekjære forfattaren Jakob Sande.

- Utan forståing

Diktaren bak "Kallen og katten" og "Det lyser i stille grender" reiste i 1932 eitt år til sjøs. På reisa møtte han folk i Peru og Brasil og skreiv fem reisebrev som blei prenta i Dagbladet.

- Det er eit slåande trekk at han er heilt utan forståing for dei folka han møter. Han kallar dei "degos" og han tillegg dei svært negative menneskelege oppfatningar. Han er full av fordommar, seier han.

Forsvarte dei svake

Jakob Sande er kjend som ein forsvarar til dei svake i samfunnet. Gjennom dikt som "Marian - det bleike barnet" reagerte Sande skarpt på menneske som blei plaga.

- Eg vart overraska over at han som skreiv så sterkt og innlevande om fattigfolk i Norge, kjem så til kort når han møter utlendingar, seier han.

Ei anna tid

Eide meiner desse reisebreva kan bli oppfatta som rasistiske i dag. Biografen forklarar dei nye opplysningane med åndsutviklinga på 1930-talet.

 - I vår tids auge vil vi lett oppfatte dei som rasistiske, men det er å vere historisk etterpåklok i høve til det Sande hadde av kunnskap, erfaring og fordommar, seier han.

Idar Stegane, Sande-kjennar og professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen seier han er overraska.

- Det er ingenting i dikta hans som kan lesast på denne måten, seier han.