21.05.2012

Knottfellene er på plass

På Sogn og Fjordane sin tusenårstad, Flolid i Gulen, har dei no starta arbeidet med å bli kvitt den plagsame knotten.

Gulatinget skal vere klar til opning i august, og prosjektleiar Martine Rød håpar at knottplaga til då er redusert. Dei har kjøpt inn 15 feller som er plassert i ein sirkel rundt tusenårsstaden. Målet er å få redusert talet på knott så mykje at folk ikkje oppfattar dei som plagsame.

- Målet er ikkje å utrydde knotten, men å stanse han på veg inn i området der det skal vere mykje folk i august, seier Martine Vik, som fortel at dei alt har merka effekt av knottfellene.