OVERSIKT NYHETER SPORT MUSIKK UNDERHOLDNING FILM LITTERATUR MAT BARN UPUNKT
NRK Toppbanner Beheim Karlsen-saka

Her er du: NRK > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Beheim Karlsen-saka

Oppdatert 10.10.2001 17:05

NYHENDE

ANDRE LENKER

Venstrebanner orderudarkiv
 

Tiltalen

Publisert 16.05.2001 14:59 - Oppdatert 18.05.2001 10:40

Det sit to 19 år gamle naustedøler på tiltalebenken når Beheim Karlsen-saka startar måndag. Tiltalen lyder på vald, rasisme og alvorlege trugsmål.

av Vidar Vie
Men det er stor forskjell på tiltalen mot dei to. Den hovudtiltalte skal fleire gongar ha plaga og trakassert Arve Beheim Karlsen. Første punktet er frå 31. oktober i 1998 på ungdomshuset Skogly på Kaupanger i Sogndal. Då skal han teke tak i jakka til den indiskfødde guten og skalla han to gongar i ansiktet.

I løpet av vinteren og fram til den tragiske hendinga natt til 24. april 1999 skal han fleire gonger ha plaga han i Sogndal, Luster og i Førde. Han kalla han svarting, sagt at han ikkje fekk sette seg på ein stol fordi den vart skiten, og kommandert han til å fjerne seg frå bord, festar og liknande. Fleire gongar har han, i følgje tiltalen, også jaga han slik at han måtte rømme unna.

Seint fredag 23. april er han tiltalt for å ha teke tak i hovudet til Arve Beheim Karlsen for så å dra han bak ein buss i Sogndal sentrum. Vidare for å ha jaga han og for å ha ropt dei rasistiske utsegnene mot han.

På to punkt meiner statsadvokaten at han bør dømmast for rasisme. Det er både utsegnene han ropte då han sprang etter han gjennom Sogndal sentrum, og for gjentekne gongar å ha brukt rasistiske uttrykk heile vinteren 1998/1999.

Mannen er også tiltalt for fleire andre ting som ligg utanfor Beheim Karlsen-saka. Han skal ha sparka og truga ein drosjesjåfør, skalla fleire andre personar, køyrt i rusa tilstand i tillegg til fleire ordensforstyrringar.

Den andre 19-åringen er tiltalt for trugsmål og rasisme, og då for hendinga som skjedde ved Sogndalselva kvelden 23. april. På dette punktet blir det ikkje skilt mellom dei to i tiltalen. Statsadvokaten meiner at begge sprang etter Arve Beheim Karlsen mot ei gangbru over Sogndalselva, over gangbrua og fram til ein fotgjengarovergang omlag 20 meter frå elvebreidda medan dei ropte uttrykk som "drep han" og " drep denne negeren".

Begge dei to vart sikta for forsetteleg drap kort tid etter dødsfallet. Dette fordi politiet meinte dei hadde skubba eller skremt Arve Beheim Karlsen ut i Sogndalselva. Dette vart bestemt avvist frå dei to, og det vart altså aldri teke ut nokon så alvorleg tiltale.








Beheim Karlsen-saka
2730 på "Saman skal vi leve" (08.11.2005)
Teaterstykke vekkjer reaksjonar (02.02.2005)
Ny etterforsking av Beheim Karlsen-saka  (16.05.2002)
Pris til Kari Beheim Karlsen (22.04.2002)
Opnar for ny sak (19.12.2001)
Ønskjer ny ankebehandling (11.10.2001)
Misnøgd med avgjerda til lagmannsretten (03.10.2001)
Ankane avviste  (03.10.2001)
Mobilforbod på Hydro (10.07.2001)
Også statsadvokaten ankar (27.06.2001)
Anke i Beheim Karlsen-saka (27.06.2001)
Solbraa ber om ny etterforskning (13.06.2001)
Velle refsar politiet (13.06.2001)
Eitt og tre års fengsel (12.06.2001)
- Ei bjørneteneste (01.06.2001)
Dommar pressa aktor (31.05.2001)
-Arve ikkje redd min klient (31.05.2001)
-Etterforskinga eit skrekkeksempel (31.05.2001)
Krev to og tre års fengsel (31.05.2001)
- Grensar mot aktlaust drap (31.05.2001)
- Sa Arve var "ein helvetes svarting" (30.05.2001)
Følte skulen ville bli kvitt Arve (30.05.2001)
Johannessen må vitne (30.05.2001)
Vitne med privat rekonstruksjon (29.05.2001)
Såg tre springe under brua (29.05.2001)
Iskaldt møte i retten (29.05.2001)
Fann to blodspor (29.05.2001)
Meiner sonen ikkje er rasist (28.05.2001)
Oppsøkte mora like over midnatt (28.05.2001)
Trur ikkje nevøen er rasist (28.05.2001)
100 000 på minnefondet (28.05.2001)
Vart ikkje avhøyrt (25.05.2001)
Rysta over kritikk frå Staff (25.05.2001)
Staff kraftig provosert på Kari Beheim Karlsen (23.05.2001)
-Kalla meg nigger og svarting (23.05.2001)
-Såg meg i augo og skalla til meg (23.05.2001)
–'Drep den vesle negeren' (23.05.2001)
Staff irritert på vitne (23.05.2001)
- Ropte "drep han" (23.05.2001)
Såg alt, vitnar i dag (23.05.2001)
Rasistiske utsegner (22.05.2001)
Ville banke opp Arve (22.05.2001)
Så Arve løpe under brua (22.05.2001)
Laug for politiet (22.05.2001)
- Hadde knapt møtt Arve før dødskvelden (22.05.2001)
Forklarar seg i dag (22.05.2001)
-Eg såg ikkje Arve igjen (21.05.2001)
Avviser vald mot Arve (21.05.2001)
Prinsippsak om rasisme (21.05.2001)
Ei prinsippsak for rasismeparagrafen (21.05.2001)
Nekta straffeskuld (21.05.2001)
I følgje med Kine Hellebust (21.05.2001)
Beheim Karlsen-tragedien (16.05.2001)
Omstridd rasismetiltale (16.05.2001)
Ei sterk mor (16.05.2001)
Etterforskinga avslutta (08.02.2001)
Åtvarer mot lynsjestemning (01.02.2001)
-Håpar på rasisme-tiltale (01.02.2001)
Ikkje rasismetiltale for naustedøl (15.01.2001)
Arve-saka ferdig etterforska (08.01.2001)
Ny etterforsking i Beheim Karlsen-saka (15.09.2000)
Klagar på tiltalen i Beheim Karlsen-saka (23.08.2000)
Utlovar dusør i Beheim Karlsen saka (08.07.2000)


 
 
SØK

Beheim Karlsen-saka
Rasisme i trivselsfylket - banner
Baneheia 140
1000 kr for beste tips
BEHEIM KARLSEN-SAKA
Seint fredag 23. april 1999 vart Arve Beheim Karlsen jaga over ei gangbru i Sogndal. Bak han kom to unge menn som i følgje tiltalen ropte "drep han" "drep denne negeren".
Måndagen etter vart den indiskfødde 17-åringen funnen drukna i Sogndalselva.

Copyright NRK © 2001   -  Telefon: 815 65 900  -   E-post: info@nrk.no   -   03.01.2009 03:38