SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Industri og næring i Førde

Enkeltomtalane er ordna etter startår.

Publisert 29.06.2001 09:57. Oppdatert 03.03.2008 12:37.

SAMLESIDER:
· Bankar i Førde
· Entreprenør- og byggforretningar i Førde
· Fabrikkar og verkstader i Førde
· Fotoatelier og elektroverksemder i Førde
· Overnattingsstader i Førde
· Landhandlar i Førde
· Verksemder i Førde grunnlagt år 1700-1900



ENKELTOMTALAR:

Førde Brandtrygdelag

vart skipa i 1899 etter opptak frå ordførar Ole M. Erdal.

Hafstad Kjøttforretning

vart grunnlagt 1905 av M.L. Hafstad.

Førde Apotek

vart grunnlagt 1907, og bygde i 1927 eige bygg der sparebanken idag har hovudkontoret.

Elektrisitetsaksjeselskapet A/S Førde

vart skipa i 1907 med sikte på å byggje ut Halbrendsfossen for å drive ein karbidfabrikk på Halbrendsøyra. – Les meir om dette under Kraftforsyning i artikkelen: Halbrendsvassdraget.

Forretningsfamilien Sølvberg

Forretningsfamilien Sølvberg har drive forretning i Utvik, Jølster, Førde og Askvoll i fire generasjonar.

Nils J. Flom

bygde i 1910 eit treetasjers hus sør for Langebrua med plass til mange forretningar.

A/S Fjordenes Automobilselskap

skipa 1912 – Sjå Firda Billag.

Førde kommunale El.verk

frå 1914 – sjå Kraftforsyninga i Førde.

Hukset og Naustdal møbel og brukskunstforretning

vart starta i 1951 av interiørarkitekt Audun Hukset og Atle Naustdal. Verksemda hadde store leveransar av møblar og interiør til mange offentlege bygg i fylket. Kompanjongane starta seinare eigne forretningar – Hukset med kontormøblar og -utstyr, Naustdal ei tradisjonell møbelforretning.

Huus Bokhandel

Grunnlagt 1918 av Georg Huus (1886-1965) frå Jølster. Bygde eige forretningsbygg 1924, der det også var landhandel og pensjonat. Huset vart rive og nytt bygg reist i 1977.

Firda Billag

Firda Billag er i dag eitt av dei største rute- og transportselskapa i landet med 390 tilsette, og har mellom anna spela ein sentral rolle i skiping og drift av Norway Bussekspress. I 2005 hadde Firda Billag ei omsetning på 400 millionar kroner.

Alfred Kristiansen

manufaktur frå 1929 – Sjå Karl Kristiansen 1907 under Landhandlar i Førde.
Her heldt Albert Kristiansen sin manufakturforretning til. foto: Kjell Arvid Stølen.

Kvaals Bakeri

på Hafstad frå 1930 – sjå Johannes Gundersen 1895 under Verksemder i Førde grunnlagt år 1700-1900.

Andreas Grytten

starta slakteforretning på Hafstad i Førde på 1930-talet. Han utvida seinare med fiskematproduksjon og daglegvarehandel i forretningsbygget til Ivar Berge. Sonen Helge Grytten kom seinare med i forretninga, og dreiv fiske- og kjøtmatproduksjon fram til 2005.

Øens Prenteverk

vart grunnlagt 1933 av Albert Øen, som også ei tid dreiv eige forlag.

Førde Handelslag A/S

vart grunnlagt 1934, og heldt nokre år til i sentrum sør. Førde Handelslag var m.a. konkurrent til Førde Samyrkelag som heldt til eit steinkast unna. Disponent var Ivar J. Berge, som seinare m.a. bygde opp Grillen kafè i eit nytt forretningsbygg då Floms-huset vart rive.

Førde Samyrkelag

vart skipa i 1936. Sjå Coop Sogn og Fjordane.

Forretningsfamilien Grønfur

I 1946 starta Lasse Grønfur Førde Sport, og i 1955 bygde han eitt av dei største forretningsbygga i Førde.

Førde Fargehandel AS

vart grunnlagt 1946 av bergensaren Henry Johnsen (1910-1992).

Berge & Co.

skipa 1954 - sjå Forretningsfamilien Berge.

Forretningsfamilien Berge

Brørne Erling og Ivar Berge kom på same vis som forretnings-familien Hjelmeland frå Bygstad i Gaular kommune. Berge-namnet er først og fremst knytt til bilmerket Volkswagen i Sogn og Fjordane.

Einar Øen

bygde bensinstasjon på Hafstad i 1960. Seinare vart bygget utvida med eit tilbygg der m.a. borna til Einar, Grethe og Frank Øen driv musikk-og videoforretning. Saman med broren Odd starta Øen ein bilforretning kring 1970, og dei var dei første forhandlarane av bilmerket Mazda i Sogn og Fjordane

Dale Rør A/S

vart starta i Dale i Sunnfjord i 1955 av Oskar Grimsbø. I 1969 starta han avdeling i Førde, og denne utvikla seg etter kvart til den viktigaste og største avdelinga.

Fjordane Reisebyrå

skipa 1965 – sjå Firda Billag.

Førdefly

skipa 1966 – sjå Førdefly under ”Samferdsle”.

John Holvik A/S

glasmeisterverksemd vart starta i 1967 av John Holvik frå Sandane.

Erdal Sport AS

vart skipa i Førde av Arne Erdal i 1971. Sonen, børsemakar Herman Erdal, starta Våpenloftet AS i Førde i 1991. Erdal Sport dreiv ei tid ei avdeling i Sogndal.

Elvegården AS

bygd 1974 – sjå Fritz Hjelmeland og Førde Torg AS.

Sentralvaskeriet

- sjå Øens Prenteverk .

Vie Senter

skipa 1978 – sjå Hafstad Kjøttforretning.

Hafstadgården

vart bygd i 1982 av etterkomarane etter postopnar og ordførar Nils Hafstad.

Spar Kjøp

er ei billigvarekjede som opna forretning i Elvegården i Førde i 1982. I 2007 tok butikkjeda i bruk nytt forretningsbygg på 3000 kvadratmeter på Brulandsvellene.

Gyngehesten AS

leiketøybutikk vart starta i 1983 av Arne Berent Larsen.

Førde Ølutsal AS

Skipa i 1983. Ølutsalet fekk monopol på all ølomsetning i Førde kommune.

Multi Maritime AS

Skipa i 1983 etter initiativ frå ingeniør Petter Klock. Har båtdesignoppdrag over heile verda. Dei har spesialisert seg på offshoreskip og ferjer.

Førde Bygg AS

vart starta i 1984 av Aksel Holme, Svein Leirvåg og Wenche Horsevik.

Forretningsfamilien Berqvam

Står m.a. bak forretningsgarden i Storehagen (som husar m.a. Vinmonopolet), Handelshuset, Førde Torg saman med Fritz Hjelmeland, og Bohus Møbelhuset.

Gjensidige Sogn og Fjordane

forsikringsselskap, vart skipa i 1986 med hovudkontor i Førde.

Vest Vision

Fjernsyns- og videoproduksjonsselskap skipa i 1986.

Sogn og Fjordane Bustadbyggelag

Største distrikts-bustadbyggelag i landet med aktivitet i 17 kommunar, i tillegg til engasjement i fritidsbustad-prosjekt i Spania.

Førde Næringsutvikling AS

– sjå Førde Ølutsal AS.

Handelshuset AS

opna 1987 – sjå Forretningsfamilien Berqvam.

Vest Inkasso

i Førde vart skipa i 1987 av Hugo Mølmesdal og Bernt W. Bertelsen. Inkassoselskapet hadde i 2003 38 tilsette og ei omsetning på nærmare 28 millionar kroner. Vest Inkasso har avdelingar i Oslo, Hamar, Bergen og Stord. I 2007 endra firmaet namn til CrediCare.

Førde Bokhandel AS

vart skipa av Johannes Fleten i 1987. Bokhandelen held til i Førde Torg, med filial i Sentrum sør. I 2006 vart bokhandelen overteken av den landsomfattande handelskjeda Norgesgruppen, som tidlegare same året vart eigar av Libris-kjeda.

Førde Næringsutvikling AS - FNU

- sjå Førde Ølutsal AS

Økland Libris

– sjå Florø Bokhandel A/S.

Artic Shipping & Finans ANS

er eit reiarlag som vart skipa i Førde i 1989 med Ove Vilnes, Noralv Lekva, Leif Hvidsten og Per Sævik som eigarar. Reiarlaget har spesialisert seg på skip som fraktar varer i bulk til oppdrettsanlegg langs kysten. I 2005 hadde reiarlaget ei omsetning på nærmare 15 millionar kroner.

Kompetansesenteret Concord

opna på Øyrane i 1990. Bygget huser 20 ulike verksemder som m.a. driv rådgjeving innan datateknikk, økonomi og ingeniørfag, forutan Ingeniør-høgskulen.

Rema 1000 i Førde

Per M. Jacobsen, f. 1945 i Hadsel i Nordland, starta den første av i alt tre Rema 1000-forretningar i Førde i 1990 i Grønfur-bygget i sentrum sør.

Firda Trykk AS

- sjå Øens Prenteverk .

Vinmonopolet AS

opna det første utsalet sitt i Sogn og Fjordane i Førde 1991. Same året fekk også Nordfordeid og Sogndal Vinmonopolutsal. Seinare har Måløy, Stryn og Årdal fått polutsal.

Sunnfjord Næringsutvikling AS - SNU

- sjå Førde Ølutsal AS.

Førde Torg

- sjå: Forretningsfamilien Berqvam og Fritz Hjelmeland.

Handelshuset

- sjå: Forretningsfamilien Berqvam.

Bohus Møbelhuset

- sjå: Forretningsfamilien Berqvam.

Sunnfjord Energi

- sjå Kraftutbygging i Førde.

Selja Forlag

Grunnlagt 1996 av journalist og forfattar Torkjell Djupedal.

Reisemål Sunnfjord AS

vart skipa i 1996 og er eit reiselivslag og turistkontor for kommunane i indre Sunnfjord og Høyanger, med kontor i Førde.

Norsk Havfisk AS

skipa i Førde i 1997 - sjå Langebruvegen 19 AS.

Fjordane IT Service AS

vart skipa i Førde i 1998 av Dagmunn Fauske, Audun Viken og Jarl-Egil Haugsbø. Verksemda leverer ulike IKT-tenester og driv sal av datautstyr m.a. til ein mengd kommunar. I 2005 kjøpte Fjordane IT Service datafirmaet Nordtek AS i Stryn og fekk dermed tilsaman 14 tilsette.

Norsk Motor Import AS

vart skipa i Førde i 1998 av Roy Valvik og Per Sannæs.

Entreprenørservice AS

i Førde vart skipa i 1998 av Freddy Ulltang og André Grov.

Travelnet Fjordane Reisebyrå

– sjå Firda Billag.

Coop Sogn og Fjordane

COOP Sogn og Fjordane BA vart skipa i 2000 og har i dag 42 forretningar over heile fylket og er med sine nærare 500 tilsette ein av dei største arbeidsgjevarane i Sogn og Fjordane.

Enivest AS

vart skipa i Førde i 2000 med Sogn og Fjordane Energi (SFE) og Sunnfjord Energi som dominerande eigarar med over 90 prosent av aksjane.

Nortronik AS

vart skipa i Førde i 2000 av Morten Engebø. Firmaet har spesialisert seg på brannsløkkingsutstyr ved hjelp av gass. Firmaet har i 2006 sju tilsette i Førde og Lillestrøm.

Apotek 1

i Handelshuset - sjå Førde Apotek.

Gas Tech AS

vart starta i Førde i 2003 av Hans Kristian Ulvestad og Magne Kolstad.

Vitusapotek

i Røde Kors-bygget - sjå Førde Apotek.

Bokland AS

skipa 2005 – sjå Florø Bokhandel A/S.

Langebruvegen 19 AS

er eit eigedomsselskap som vart skipa i Førde i 2005 av Dag Jøran Hjelmeland, Olle Jonny Øen og Tor Åge Vefring.

Ankerløkken Eigedom AS

- sjå Ankerløkken Verft Førde.

CrediCare

- sjå Vest Inkasso, startår 1987.

Førde Storsenter

på Øyrane vart opna i 2006.

Plantasjen

Gartneri- og hagesenterkjeden ”Plantasjen” opna avdeling i eige nybygg på Kronborg i Førde i 2007.

Biltema

Biltema Norge AS opna stort varehus på Brulandsvellene i Førde i 2007.

MEIR OM FØRDE 
Førde kommune

 
Aviser og media i Førde
Historia i Førde
Industri og næring i Førde
Kjende personar i Førde
Krigshistoria i Førde
Kyrkjer i Førde
Samferdsle i Førde
Skular i Førde
Verd å sjå i Førde

 
Video frå Førde
Lyd frå Førde
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no