SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næringsliv i Førde kommune:

Sparebanken Sogn og Fjordane

Sparebanken Sogn og Fjordane har idag sitt hovudsete i Førde. Bankbygget frå 1991 set sterkt preg på sentrum.

Publisert 29.06.2001 10:00. Oppdatert 09.03.2007 08:13.

Førde Sparebank

Gamlebanken i Førde - bygt i 1902.
I 1842 vart Førde Sparebank skipa som den andre i Sogn og Fjordane. Sogndal hadde fått sin året før. Banken heldt dei første 50 åra til i Tingstova i Sjøahola - den same tingstova som i 1857 var møteplass då fylkestinget vedtok å skipe Fylkesbaatane. Ny bankbygning stod ferdig ved Kyrkjevegen i 1902. Den husa også kommuneadministrasjon og telefonstasjon.

I 1964 vart det gamle apoteket ”Pontoppidan” ved Langebrua rive for å gje plass til nytt bankbygg, som i sin tur i 1990 vart rive for å gje plass til dagens bankbygg.

Sunnfjord Sparebank

Anders Sølvberg.
I 1973 vart Sunnfjord Sparebank skipa ved at Førde slo seg saman med Askvoll, Vevring og Jølster. I 1974 vart Anders Sølvberg tilsett som adm. banksjef, ei stilling han hadde fram til 2001. Under hans leiing gjekk stadig fleire små sparebankar inn i Sunnfjord Sparebank. Med Sunnfjord Sparebank som tyngdepunkt, vart så Sparebanken Sogn og Fjordane skipa i 1988.

Sparebanken Sogn og Fjordane

Arvid Andenæs er adm. banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane.
hadde ved årsskiftet 2000/2001 ein forvaltningskapital på 9 milliardar kroner. Arvid Andenæs overtok som administrerande banksjef etter Anders Sølvberg.

Samanslåing i Flora-Bremanger

Etter krise i oppdrettsnæringa fekk Sparebanken Flora-Bremanger store tap og økonomiske vanskar og vart slegen saman med Sparebanken Sogn og Fjordane hausten 2003. Banken hadde i 2003 ein forvaltningskapital på 13 milliardar kroner.

Banksamarbeid med Gjensidige?

I 2006 gjorde Sparebanken Sogn og Fjordane ein avtale med Gjensidige Holding om å skipe ein ”nettbasert” bank i Førde: Gjensidige Bank.

Avdelingskontora

Sparebanken Sogn og Fjordane har i år 2003 kontor i 20 kommunar i fylket (avdelingskontor/filialar i parentes):

Askvoll (Askvoll, Bulandet, Værlandet)
Balestrand (Balestrand)
Bremanger (Kalvåg, Bremanger, Svelgen)
Eid (Nordfjordeid)
Førde (hovudkontor og filial på sentralsjukehuset)
Flora (Florø, Eikefjord)
Gaular (Sande, Bygstad, Viksdalen)
Gloppen (Sandane, Byrkjelo, Hyen)
Gulen (Eivindvik, Brekke, Byrknesøy)
Hornindal (Grodås)
Hyllestad (Leirvik)
Høyanger (Høyanger, Lavik, Bjordal)
Jølster (Skei, Vassenden)
Leikanger ( Hermansverk)
Naustdal (Naustdal)
Sogndal (Sogndal)
Solund (Hardbakke)
Stryn (Stryn, Olden, Innvik)
Vik (Feios, Fresvik)
Vågsøy (Måløy)

I 2006 opna Sparebanken Sogn og Fjordane den første filialen sin utanfor fylket i Bergen.

Sparebanken Sogn og Fjordane ligg like ved Jølstra på tomta der gamleapoteket sto. (Foto: Arild Nybø, NRK)

MEIR OM FØRDE 
Førde kommune

 
Aviser og media i Førde
Historia i Førde
Industri og næring i Førde
Kjende personar i Førde
Krigshistoria i Førde
Kyrkjer i Førde
Samferdsle i Førde
Skular i Førde
Verd å sjå i Førde

 
Video frå Førde
Lyd frå Førde
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no