Bergensk gründer
|
Gründer Johan Jenssen (© Fylkesarkivet) |
Det var ein av dei fremste industribyggjarane i fylket, bergensaren
Johan Jenssen, som grunnla Helle Teglverk. Den allsidige Fjaler-ordførararen og seinare stortingsmannen
David O. Bakke frå Holmedal var ein sentral pådrivar til at det vart bygt teglverk i Vårdal eit par år etter at drifta starta på Helle.
I 1902 vart
Jørgen Helgerud styrar ved teglverket i Vårdal. Han hadde tidlegare styrt eit teglverk i Sandefjord.
|
Helle Teglverk i 1957. Foto frå Sogeskrift for Askvoll kommune |
Konkurs og ny eigar
I 1907 gjekk teglverket på Helle konkurs. Jørgen Helgerud kjøpte buet, installerte elektrisk straum og moderniserte produksjonen slik at steinforminga gjekk automatisk. Han skaffa også gravemaskin i leirbrotet, som låg like ovanfor fabrikken. Sonen Rolf Sigurd Helgerud tok over som leiar av verksemda då faren pensjonerte seg.
|
Vårdal Teglverk i 1957. Foto frå Sogeskrift for Askvoll kommune |
Dårleg råstoff og ujamn drift
På det meste hadde kvart av dei to teglverka opptil 40 arbeidarar. Men produksjonen vart mykje driven som sesongarbeid når byggjeaktiviteten var stor om våren og sommaren. Om vinteren var det liten eller ingen aktivitet. Dette gjorde at det på 1950-talet vart vanskeleg å skaffe arbeidsfolk.
Og når leirekvaliteten heller ikkje var den beste, førde dette til at aktiviteten ved verket i Vårdal vart sterkt redusert utover 1960-talet. Nye byggjeprodukt som sementstein og Leca konkurrerte ut steinen frå Dalsfjorden.
Vårdal Teglverk vart lagt ned i 1970. Helle Teglverk overtok eigedomane, men også dette tegleverket vart lagt ned i 1978.
Kulturminne brann ned
|
Helle teglverk etter brannen. (Foto: Aasulv Austad, NRK 1993) |
Ei stund etter at Vårdal Teglverk vart lagt ned, brann mykje av bygningen ned og tomta vart rydda.
Heile bygningen til Helle Teglverk vart totalskadd av brann under restaurering i 1993. Planen var å ta vare det gamle teglverket med omnar og fabrikkpipe som kulturminne.