SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Kjende personar i Aurland og Bremanger:

Ragnvald Blakstad

Ragnvald Blakstad
Ragnvald Blakstad
(1866-1929). Fødd i Asker, busett i Skien og seinare Arendal og Oslo. Fossekjøpar og industrimann som spela ei av dei sentrale rollene i Noreg i dei første åra då fossekrafta vart utnytta til bygging av ny industri.

Publisert 02.07.2001 14:44. Oppdatert 14.02.2007 13:01.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Han var son til Erik Blakstad som saman med Ole H. Holta starta eit trelastfirma - Blakstad, Holta & Co - i Skien. (Holta-familien stod seinare sentralt som utbyggarar av krafta i Skiensvassdraget og som eigarar av Tinfos Papirfabrik, Tinfos Jernverk og Skiens Aktiemølle, og dei vert rekna som grunnleggjarar av industribyen Notodden. Dei eigde dessutan rederiet O. & H. Holta).

Kjøpte fallrettar i stor stil

Ragnvald Blakstad flytta til Arendal i 1888 og starta først med eksport av trelast og kolimport, og med eigedomshandel i stor stil då reiarnæringa i Arendal kom i krise og måtte selje unna. Men etter kvart skulle Blakstad verte ein av Noregs fremste ”fossespekulantar” i åra kring 1900. Han var ein av fleire som i den første elektrifiseringstida kjøpte opp fallrettar i stor stil, først i Arendalsvassdraget.
Blakstad gjorde i 1896 opptaket til skipinga av Aktieselskabet Arendals Fossekompani, som kjøpte opp fallrettar i Nidelvvassdraget på Sørlandet. Her var også Blakstad sine brør og Holta-familien medeigarar.

Gav Arendal elektrisk lys

I 1897 kjøpte Blakstad Eivindstadfossen i Froland, der det vart bygd kraftverk i 1904, og i 1898 kjøpte han store fallrettar i Barbuelva. Kraftverka der gav m.a. Arendal by elektrisk lys i 1900. I desse åra freista han å skaffe kapital til oppkjøps- og kraftprosjekta sine frå den mektige Wallenberg-familien i Sverige, utan å lukkast særleg med det i første omgang.

Avtale med Wallenberg

Men i 1906 fekk fekk Blakstad likevel ein avtale med Wallenberg om at han – med lovnad på ein sjuandepart av gevinsten – kunne setje i gang oppkjøp av norske fossefall i stor stil – m.a. Tokke og Høgefoss i Telemark, Aura og Mardalsfossen i Romsdal, og Nyset-Steiggje-vassdraga i Årdal og fallrettar i Flåm. Yksenelvane og Åskora i Ålfoten hadde Blakstad alt sikra seg i 1899. I 1910 skipa han A/S Aura som i 1913 fekk konsesjon til utbygging av Litledalselva, Auraelva og Mardøla. Samstundes skipa han Nitrogen Products and Carbide Co. Ltd. som skulle byggje karbidfabrikk på Sunndalsøra. Også i Ålfoten lova Blakstad at krafta frå Yksenelvane og Åskora skulle nyttast til ein karbidfabrikk på Sigdestadneset, men både der og på Sunndalsøra sette utbrotet av 1. verdskrig ein stoppar for planane.

Sette Sam Eyde på sidelina

Blakstad hadde også samarbeidd med Hydro-gründeren Sam Eyde (1866–1940) om kjøp av Tyssefalla i Hardanger. Der vart AS Tyssefaldene skipa i 1906, og selskapet starta kraftutbygginga under leiing av generaldirektør Sam Eyde. I Tyssedal vart det bygd karbidfabrikk. Men ved eit aksjekupp som var styrt av Wallenberg-familien, vart Sam Eyde plassert på sidelina i Tyssedal i 1910, og den som tok over som generaldirektør var den nye ”Wallenberg-yndlingen” Ragnvald Blakstad. Med dette kuppet vart Blakstad ein leiande person i norsk kraftproduksjon og utbygging av kraftkrevjande industri: I 1913 sikra han seg kontrollen over Alby United Carbide Factories Ltd., som kort tid etter bygde stor karbidfabrikk i Odda.

Planar om kraft frå vest til aust

I 1917 lanserte Blakstad dei første planane om kraftoverføring frå fossekraftverka på Vestlandet til Sør- og Austlandet, men var nok litt for tidleg ute med slike idéar. I 1916 starta han kraftutbygging i Høgefoss i Telemark, og i 1917 skipa han Det Norske Jernverket AS som skulle byggje stål- og valseverk i Risør. Men planen møtte politisk motstand, og i 1919 måtte Blakstad selje Høgefoss til Aust-Agder fylke.

Offer for nedgangstidene

Under høgkonjunkturen kring 1. verdskrig starta Blakstad fleire reiarlag, og dreiv elles m.a. Jakobsens Maskinverksted, Nordre Foss Mølle AS og Nordisk Tekstil AS. Men mykje av det som Blakstad hadde skapt både på Vestlandet og Sørlandet, gjekk med i dragsuget då nedgangstidene kom kring 1920. Med unntak av nokre eigedomar i Risør måtte han selje unna det meste. Falla i Ålfoten hadde Blakstad selt unna for 900.000 kroner i 1917, men resten av fossane hans gjekk no på billegsal.

Planar om cellulosefabrikk

I 1923 var Blakstad likevel i gang att med ny industri, denne gongen A/S Risør Træmassefabrikk. Han hadde store planar om utviding til stor cellulosefabrikk, men døydde før han kom så langt.

MEIR OM AURLAND 
Aurland kommune

 
Historia i Aurland
Industri og næring i Aurland
Kjende personar i Aurland
Kommunehistoria i Aurland
Krigshistoria i Aurland
Kyrkjer i Aurland
Samferdsle i Aurland
Skular i Aurland
Verd å sjå i Aurland

 
Video frå Aurland
Lyd frå Aurland
MEIR OM BREMANGER 
Bremanger kommune

 
Aviser og media i Bremanger
Historia i Bremanger
Industri og næring i Bremanger
Kjende personar i Bremanger
Kommunehistoria i Bremanger
Krigshistoria i Bremanger
Kyrkjer i Bremanger
Samferdsle i Bremanger
Skular i Bremanger
Verd å sjå i Bremanger

 
Video frå Bremanger
Lyd frå Bremanger
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no