SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Bremanger:

Handelsstaden Smørhamn

Smørhamn. © Fylkesarkivet
Smørhamn. © Fylkesarkivet
Handelsstaden Smørhamn hadde handelsprivilegium og vart skysstasjon frå omlag 1680.

Publisert 05.07.2001 12:07. Oppdatert 02.02.2007 10:03.

Smørhamn var skysstasjon for rorskarar som i eldre tider utførte skyssplikta for kyrkja og Kongens tenestemenn. Næraste skysstasjon sørover var Furesund ved Florø, og nordover i Rugsund. I 1755 stod det 33 bygningar i Smørhamn. Her var det handelsbu, brennevinsutsal, gjestgiveri og store saltebuder. Mange av dei gamle bygningane står framleis og er restaurerte til rorbuferie.

Første kremmar

som ein med visse veit fekk handelsprivilegium i Smørhamn, var Jørgen Berentson Balchen (1650–1720) frå Vereide i Gloppen. (Sjå Gloppen kommune – artikkelen: Vereide og Apalset)
Men det er truleg at det har vore handel i Smørhamn tidlegare i 1680, truleg frå 1662 då eigaren i Smørhamn, Griggus Chreutziger, løyste borgarbrev i Bergen.
I 1664 vert ei ”Kremmerquinde” frå Smørhamn – ”Magdalene Smørhaffn” - nemnd som medskuldig i ein hekseprosess i Breim. Truleg var dette ektemaken til Griggus Chreutziger, Magdalena Throelsdotter Glad. - Les meir om desse hekseprosessane under Gloppen kommune: Heksene på Vora.
Griggus mått gje seg med handelen sin i Smørhamn i 1667, då alt brann ned.

Balchen-slekta i Smørhamn

I 1680 kjem så medlemmer av Balchen-familien inn som handelsmenn og gjestgjevarar i Smørhamn, og denne slekta kom til å setje sitt preg på staden heilt fram til 1777. Balchen-familien hadde dessutan slektsband til folk som dreiv handel på Holmen i Bremanger. – Sjå artikkelen: Handel og gjestgiveri i Bremanger.
Jørgen Berentson Balchen styrde handelsstaden og fiskebruket i Smørhamn fram til eldste sonen Anders Jørgensen Balchen (1687–1739) overtok i 1726. Då Anders døydde i 1739, styrde enkja Maria Olesdotter Thyges Balchen kremmarleiet fram til ho gifta seg oppatt med Paul Quale. Quale løyste borgarbrev i 1743 og kunne då overta drifta.
Quale stilte seg i spissen for ein aksjon i indre Bremanger for å få flytta kyrkja frå Grotle lengst nordvest i bygda og til Rylandseidet, men vann ikkje fram. Først i 1865 vann ”søringanme” fram då kyrkja vart flytta frå Grotle til Kalvåg – til store protestar frå dei i ”nordbygda”.
Før giftarmålet med Paul Quale hadde Maria Thyges Balchen vore trulova med drengen Anders Oleson. Men den fine familien til Maria mislikte kjærasten Anders Oleson, og Maria måtte bryte trulovinga.
Frå eit tidlegare ekteskap hadde Paul Quale ein son som bar namnet Mads Tybring Quale, og som i 1758 er å finne som eigar av kremmarstaden Holmen i Bremanger (sjå Handel og gjestgiveri i Bremanger).
Då Paul Quale døyr i 1755, er det sonen til Anders Jørgenson Balchen og Maria, Jørgen Anderson Balchen (1687-1739) som tek styringa over Smørhamn fram til 1777. Jørgen hadde i nokre år drive gjestgjevarstaden i Osen i Bygstad (sjå Gaular kommune – Osen Gard) då han gifta seg med enkja etter den førre gjestgjevaren der, og han kjøpte også borgarprivilegia til kremmaren Lauritz Stub på Storgarden Gjerde då Stub kom i økonomiske vanskar. Jørgen Andersson Balchen dreiv såleis handel på Nordfjordeid til han flytta til Smørhamn i 1755.

Lexau-folket til Smørhamn

Men då Jørgen døyr i 1777, sel enkja Johanne Nilsson Lax Balchen heile kremmarleiet, med unntak av det store bustadhuset, eit stabbur og eit naust, for 1100 dalar. Salssummen viser at Johanna var ei rik enkje, og i tillegg til Smørhamn eigde ho store jordeigedomar elles i Bremanger-soknet.
Kjøpar i 1777 var Georg Ross som hadde borgarbrev i Bergen. Han var eigar fram til 1791. Då selde han til Henrik Henrichson Lexau (1769–1806) som truleg kom frå Leikanger i Sogn.
Då Henrik døydde i 1806 overtok bergensmannen Jens Lind (1788–1842) Smørhamn og dreiv staden - truleg for ein stor del med handelsbetjentar - fram til 1841 då ein ny Lexau, Rasmus Andreas Henrikson Lexau (1818 - ?) tok over. Rasmus var ein akta mann i bygda, og vart første ordføraren då Bremanger vart skild ut frå Kinn som eigen kommune i 1866. Men då det rike sildefisket svikta på 1870-talet vart det smalhans for kremmaren i Smørhamn.
Lexau opparbeidde mykje gjeld til grossisten Albert Blytt i Bergen, og det enda med at Blytt overtok Smørhamn i 1884. Frå no av gjekk det tilbake med det ærverdige handelssetet, og i dei neste åra var det andre enn Blytt-ane som dreiv handelen og gardsbruket i Smørhamn.

Handelen døyr ut

Sonen til Albert Blytt, Sigurd Blytt, fekk Smørhamn i 1915 og selde vidare i 1917 til Jakob Joh. Larsen, som selde vidare til Karl Petterson Vadøy i 1926.
Smørhamn har sidan vore i Vadøy-familien. Men mange av bygningane stod tomme heilt til etter tusenårsskiftet, då medlemmer av Vadøy-slekta tok fatt på eit stort restaureringsarbeid.
Handelsstaden vert no restaurert av Smørhamn Handelsstad AS, eigd av ektepara Synøve og Knut Arne Vadøy og Kari og Johan Vadøy. Eit par store sjøbuer er bygde om for utleige av husvære til turistar, og til kurs- og konferanselokale.

MEIR OM BREMANGER 
Bremanger kommune

 
Aviser og media i Bremanger
Historia i Bremanger
Industri og næring i Bremanger
Kjende personar i Bremanger
Kommunehistoria i Bremanger
Krigshistoria i Bremanger
Kyrkjer i Bremanger
Samferdsle i Bremanger
Skular i Bremanger
Verd å sjå i Bremanger

 
Video frå Bremanger
Lyd frå Bremanger
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no