Før kraftreguleringa av den mektige Svelgsfossen starta i 1917, var det både sagbruk og kvern under fossen.
Dei store skogane i Ålfotdalen og austover mot Yksenelvane gav grunnlag for fleire sagbruk i Ålfoten heilt frå 1500-talet, og aktiviteten her var truleg større enn både ved Svelgsfossen og på Indrehus.
Også på Indrehus i Midtgulen er det god fureskog, og det går segner om at mykje av skogen der vart hoggen ut på slutten av 1500-talet og seld til skottar.
Ola Sølvberg
bygde kring 1915 eit sagbruk på Kjelkenes. Han kjøpte opp tømmer som han fløytte fram til sagbruket på Kjelkenes. Sølvberg bygde eit stort bustadhus like ovanfor sagbruket. Han flytta til Rise i Svelgen i 1934 og dreiv bygningsfirma der.
Sverre Maurseth
frå Markane bygde sagbruk i Ålfoten i 1920 – sjå artikkelen:
Sagbruka i Ålfoten.
Sigurd D. Isane
grunnla sagbruk på Isane kring 1930. Sagbruket gjekk med vasskraft i den straumlause bygda.
Ytrehus Sag AS
vart starta i 1971 av Rolf, Arne J. og Arne E. Ytrehus. Alle hadde drive mindre sagbruk tidlegare. I tillegg vart Sverre Bjørdal kompanjong. Sagbruket henta det meste av virke frå eigne skogar og hadde på det meste 15 tilsette. Sagbruket vart lagt ned i 1997, og no driv firmaet palleproduksjon og byggevarehandel.