I ein lun våg på sørsida av Frøya ligg gardane Liset. Den korte vegen til rike fiskefelt gjorde at folket på Liset alt i mellomalderen var kjende som velståande fiskarbønder.
Handelsstaden Rugsund hadde privilegium som kremmarleie frå tidleg 1600-tal.
Den første kjende handelen i Bremanger kom på Holmen og Grolsberget på Torvanger på slutten av 1600-talet.
Handelsstaden Smørhamn hadde handelsprivilegium og vart skysstasjon frå omlag 1680.
I grenda Nødset på sørsida av Bremangerpollen starta Søren Larsson med fiskehandel kring 1689.
Gjestgiveri i Berle
På 1600-talet var det i nokre år gjestgiveri og skysstasjon i Berle. Skysskaffar Elling Mogensson Berløff budde på garden Lillehauge og var registert som gjestgjevar og skysskaffar i 1640-1650-åra.
Lokalhistorikar Hans Erik Endal fortel at det truleg på 1840-talet kom to jødar til Oldeide og busette seg i Fåkeila, der dei dreiv ei lita skjenkestove.
Fiskeværet Kalvåg vart det sentrale fiskeværet ved sida av Rognaldsvåg og Florø under dei store sildefiskeria kring Kinn og Frøysjøen frå ca. 1800 til 1870.
Dreiv landhandel, dampskipskai, salteri, fiskebåtar og fraktefart i Kalvåg.
Aust for Davik ligg den vesle grenda Dombestein. Her bygde folk frå den mektige Wiese-ætta eit vakkert hus med halvvalma tak. "Wiesehuset" står framleis like ovanfor riksvegen på Dombestein.
Per Øysteinson Nes
frå Hyllestad starta landhandel i Bremanger kring 1860. Etter nokre få år i Bremanger starta han butikk i Kalvåg. Truleg gjekk han konkurs i 1882, for då vart eigedomen hans selt på tvangsauksjon.
Rasmus Eide frå Selje starta som handelsmann i Kalvåg tidleg på 1860-talet. I 1891 vart krambua hans overteken av Abel Ulriksen.
vart skipa i 1871. Selskapet dreiv landhandel, bakeri, og fiskeeksport frå Kalvåg.
Hans Jakobsen Rake
frå Loen kom som gardbrukar til Sandvik i Midtgulen i 1871. I tillegg til garden dreiv Hans med krøterhandel kringom i bygdene, og med fiskehandel frå buda si om vintrane.
I 1877 starta Arnt K. Kjelkenes med postopneri og butikk på Kjelkenes.
starta landhandel på nedre Davik kring 1880. Her vart det også bygd dampskipskai. Vik eigde også gard på Huslid.
Berent Gjertsen Haugland
frå Klubben i Hennøy starta landhandel i eiga sjøbu i Strømmen i Rugsund i 1885. Karl Jesperson Haugland frå Hennøy tok over butikken i 1903, og bygde eige bakeri i 1908. Butikken vart driven til 1965.
Lars J. Fløtre
starta landhandel i Rugsund i 1886, seinare overteke av sonen John Fløtre. Dei hadde også dampskipsekspedisjonen i Strømmen.
f. 1849 i Bindalen starta i 1889 landhandel, sildesalteri og fiskeeksportforretning i Kalvåg, og var med og starta reiarlag med fiskebåtar.
A. Vossbotten
starta landhandel på Kalvøya i Kalvåg i 1899. Eigedomen vart seinare kjøpt av fiskehandlar
Lars P. Lefdal frå Måløy. Han gjekk konkurs eit stykke ut på 1920-talet.
Fiskeripionérane Rasmus og Johan Vetvik
- Les meir under Vågsøy kommune om dei to brørne frå den einbølte bygda Vetvik på vestsida av Bremangerlandet som kom til Måløy i 1899 og vart fiskeripionérar og store fiskehandlarar, artikkelen:
Fiskeripionérane Rasmus og Johan Vetvik.
Ole Antonson Muleli
dreiv kring 1900 ein liten landhandel på ein stad som heiter Lisjemuleli i Midtgulen. Muleli hadde poliomyelitt og døydde i 1912.
P. Terdal
grunnla 1901 handel- og fiskeforretning i Bremanger. Sonen Abraham starta også eige rutebilselskap i Bremanger: Rutebilane i Bremanger. Selskapet har frå 1948 hatt konsesjon på bilrutene på øyane i kommunen – sjå artikkelen
Handel og gjestgiveri i Bremanger.
Johs. Frøyen
starta ass. landhandel i Kalvåg 1902.
Karl Haugland landhandel
i Strømmen 1903 – sjå Berent Gjertsen Haugland 1885.
Kristoffer Myklebust
starta landhandel i Ålfoten kring 1910. Broren Jørgen overtok, men gjekk konkurs kring 1924. Butikken låg nede til Thomas Myklebust starta att i 1927. Han bygde kombinert bustad- og forretningsbygg, og like etter 2. verdskrig eit nytt forretningsbygg på nedsida av vegen. Han dreiv forretninga til kring 1970.
Søren Ryssdal
frå Sandane starta landhandel i Ålfoten tidleg på 1900-talet. Den vart einare overteken av Henrik Førde som dreiv til 1929.
Bakeri i Ålfoten
Ei kvinne med etternamn Heggdal frå Innvik starta kring 1910 bakeri i Ålfoten. Det vart seinare overteke av Ola Askevik, men han slutta av helsegrunnar kring 1920.
Reidar Torvanger
starta landhandel og fiskeforretning i Bremanger 1913, og dreiv også fiskebåten ”Hagbard”.
Andreas S. Lofnes
starta landhandel på Lofnes i 1914, og dreiv butikken ved sida av gardsbruk og fiske. Han gjekk konkurs i 1927.
starta landhandel i Kalvåg i 1915.
Henrik Frimannslund
dreiv handel på Kjelkenes før han kring 1917 starta landhandel i Svelgen. – Les meir under artikkelen:
Første handelen på Kjelkenes og i Svelgen.
landhandel i Svelgen vart starta i 1917 av Knut M. Knutson Kjelkenes.
Hamrøy A/S
grunnlagt 1918 i Kalvåg. Dreiv fiskehandel.
Martin H. Torvanger
bygde fiskebu i 1918 og starta landhandel og fiskemottak på Torvanger. Bua låg først på ein holme, men var gjort landfast sist på 1930-talet.
Ingvald Øvrebotten
starta 1921 landhandel i Kalvåg.
Ola Eide
f. 1888 skipa 1921 handels- og fiskemottak m.m. på Ryland. Hadde opptil 40 personar i arbeid i sesongen på 1950-talet.
Paul A. Drageset AS
landhandel på Davik frå 1923 - sjå
Ivar Wiik .
grunnla 1923 handels- og fiskeforretning i Kalvåg.
vart skipa av dei tilsette ved A/S Bremanger Kraftselskap i 1923.
Elles har desse drive handel:
På Isane Alfred Førde (grunnlagt 1921), i Ålfoten Ths. Myklebust og Henrik Førde. I Rugsund Harald Skaar (sjå "
Handelsstaden Rugsund").
vart skipa av dei tilsette ved A/S Bremanger Kraftselskap i 1923.
Autorisert radioforhandlar
etablerte seg i Svelgen i 1925 – den første i Sogn og Fjordane.
Ivar Apalseth
og ektemaken Katrina dreiv frå 1926 landhandel og fiskemottak i Iglandsvik. Eigedomen vart selt til Laurits Førland i 1958.
B.G. Berge
Jenny og Botolf Berge starta landhandel på Daviknes i 1927. Jenny hadde drive handel i Måløy før ho starta på Daviknes. Landhandelen vart seinare driven av Arnfrid og Bjarne Hammersvik, og vart lagd ned i 1965.
Svelgen Handelslag
vart skipa i 1929. Sjå
Svelgen Kjøpelag. Sjå elles artikkelen
Første handelen på Kjelkenes og i Svelgen.
|
Coop Svelgen Handelslag. I bakgrunnen er Svelgen hotell. (Foto: Arild Nybø © 2003) |
Rasmus O. Dyrstad
starta landhandel og oljeforretning på Dyrstad kring 1930. Han dreiv også trelastforretning i Svelgen.
Paul M. Leirgulen
starta landhandel i Leirgulen i 1932. Dottera Liv Leirgulen Hamre tok over butikken kring 1980.
Rolf Sande
starta 1932 forretning i Svelgen, med landhandel, bakeri og pensjonat. Han tok då over ei forretning som onkelen Kristen Sande hadde drive i nokre år. Sonen Rolf Sande jr. tok seinare over bakeriet.
Thomas og Hjørdis Myklebust
starta landhandel på Myklebust i Ålfoten i 1933. I 1956 bygde dei nytt forretningsbygg.
P. Igland
grunnlagt i Bremanger 1937 av Peder Igland. Dreiv landhandel på Igland.
Gulen Samyrkelag
på Kjelkenes 1946 - sjå artikkelen
Første handelen på Kjelkenes og i Svelgen.
Kjøpmann Harald Skaar på det gamle handelssetet Rugsund starta saman med sonen Lars Skaar ein landhandel på Ødegårdsbuda i Berle i 1947.
Ragnar Eikeset
hadde drive mange år som skomakar då han i 1958 starta skobutikk i eige forretningsbygg i Svelgen sentrum. Dottera Berit Randi Eikeset Bakke tok over i 1984 og dreiv fram til ho la ned i 2002.
med Audun Hukset i Førde som hovudaksjonær, starta klesbutikk i det nybygde Svelgen samfunnshus i 1961, med Knut Hallset frå Svelgen som dagleg leiar.
Kristen T. Førde
starta landhandel i Ålfoten midt på 1960-talet. Han dreiv også dampskispkaia. Då han døydde i 1997, overtok Ålfoten Nærbutikk AS, og har drive sidan som einaste forretninga i bygda.
Centrum AS
varehus i Svelgen, starta i 1968 av Svein Vågene – sjå
Hukset A/S .
Ålfoten Nærbutikk AS
- 1997 - sjå Kristen Førde ovanfor.
Kalvåg Handel AS 1997
– sjå
Audun Røys .
COOP Sogn og Fjordane
- sjå
Svelgen Kjøpelag.
|
Sjøbuer i Kalvåg. (Foto: Arild Nybø, NRK) |