Veg på Frøya
Etter utskifting av jorda på øya Frøya i 1860 vart det bygd veg frå Kalvåg og innover Frøyalandet.
Bygdevegen Førde–Vik i Ålfoten
vart bygd frå 1870-talet, men vart først fullført kring 1897 då Staten løyvde 5000 kroner til vegarbeidet. I byrjinga var det planen at vegen skulle gå heilt ut til den einbølte garden Askvika som var stoppestad for rutebåtane den første tida, men seinare vart dampskipskaia flytta lengre inn i fjorden til Myklebust.
|
Steinset fekk veg i 1912. (Foto: Arild Nybø © 2003) |
Veg Kalvåg-Steinset
Veg Kalvåg-Steinset vart opna i 1912.
Veg Kalvåg Liset
Vegen Kalvåg-Liset vart bygd som naudsarbeid på 1930-talet.
Veg til Oldeide
Vegsambandet frå Bremanger og nordover mot Måløy over ferjeleiet på Oldeide opna i 1947 (vegen Oldeide-Dalsbotten (Bremanger) opna i 1951.
Veg til Smørhamn
Vegen sørover frå Bremanger mot Smørhamn (Clupeahamn) opna 1956.
|
Tunnelen i Magnhildskaret. |
Vegar til Svelgen
Svelgen fekk vegsamband med omverda i 1965 då vegsambandet sørover til ferjeleiet på Haukå vart opna.
Vegen går i tunnel under Magnhildskaret (2.846 meter), der denne riksvegen sidan har vore mykje utsett for snøras.
Vegen Davik-Rugsund
vart opna i 1961. Samanhengande veg langs Nordfjord frå Isane til Rugsund opna i 1968.
Veg frå Lofnes
til den einbølte grenda Blålid oppe i dalen vart opna i 1968. Då hadde arbeidet gått føre seg sidan 1950-talet, delvis på dugnad.
Ferje på Isane og tunnel til Ålfoten
Vegsambandet frå Svelgen mot Nordfjord går gjennom Ålfotdalen til ferjeleiet på Isane (Isane-Stårheim) 1972. Gjennomslag på den 1733 meter tunnelen mellom Isane og Ålfoten 1971.
Veg til Berle
Veg til Berle frå Skatestraumen opna i 1976 – derav 800 meter tunnel.
Bruer til Frøya
Brusambandet mellom Frøya (Kalvåg) og Bremangerlandet over Oldersundet/Hamrøysundet (ca. 500 meter bruer) vart opna i 1977.
|
Norddalsfjordbrua. (Foto: A. Nybø, NRK) |
Norddalsfjordbrua
Norddalsfjordbrua avløyste ferjestrekninga over Norddalsfjorden i 1987.
Veg Svelgen-Nesbø
Veg Svelgen-Nesbø opna 1987.
Veg til Botnane
Veg til Botnane opna i 1993.
Den første lekken i det som vert kalla Bremangersambandet var fastlandssambandet for 1900 menneske på øyane Bremanger og Frøya som vart opna den 12. juli 2002.
|
Brua over Rugsundstraumen på opningsdagen. (Foto: Randi Indrebø, NRK) |