Eigne omtaler av:
·
Handelsstaden Vågsberget
·
Handelsstaden Moldøen
·
Handelsstaden Osmundsvåg
·
Handelsstaden Bryggja.
ANDRE VERKSEMDER:
frå Bryggja starta i 1880 bakeri på Skram.
frå Trollebø starta i 1882 handel i Skramsbygda. Han bygde etter kvart ut eit stort handelshus med m.a. dampskipskai og import- og eksportforretning, og vert rekna som ”gudfaren ” og grunnleggjaren av Måløy som ein framsynt og eksport-orientert fiskeriby.
Stor i fisk og handel på Raudeberg
Mons J. Aase (1858-1918) starta i 1886 handel på Raudeberg. På same måte som
Ulf Lem var det i Måløy, vert Aase rekna som nybrotsmannen i forretningslivet på Raudeberg. Han bygde ei stor sjøbu – Aasebuda - der han dreiv fiskeforretning, agenturforretning og landhandel, og var dessutan postopnar og dampskipsekspeditør.
|
Raudeberg før 1920. Den store bygningen er Aasebuda, der Mons J. Aase starta handel. |
f. 1878 på Flølo i Breim, flytta til Måløy på slutten av 1890-talet og starta fargeri og stampe.
starta urmarkarforretning i Måløy på slutten av 1800-talet.
Kristen J. Sunde frå Jølster starta landhandel i Måløy i 1895. Han var medskipar av
Nordfjord Torskemel- og Guanofabrik A/S på Trollebø i 1904 saman med kjøpmann Erik Fønstelien.
frå Numedal kom til Måløy som omreisande skreppehandlar og grunnla i 1900 bok og papirhandel og manufaktur i Måløy.
emigrerte som 14-åring til USA i 1890 og slo seg opp som farmar og entreprenør i Wisconsin. Frå 1903 tok han del i forretningslivet i heimbygda.
starta i 1901 bakeri i Måløy.
Pelsdyroppdrett
- sjå
Pelsdyrpionér Ole M. Totland.
J. Steenslid AS vart starta som landhandel i 1907 av Johan Stenslid frå Haugen i Eid. Han bygde også ut trelasthandel.
frå Selje starta landhandel i Almenning i 1908.
Brunsviks Eftf. er eitt av dei eldste handelshusa i Måløy, og er framleis i drift.
L. P.Lefdal
fiskebåtreiar og fiskehandlar –
Lefdals fiskeriselskap.
grunnlagt 1915 av Olav Skipenes frå Nordfjordeid.
Anders Liset
frå Selje starta bakeri i Måløy i 1917. Han hadde vore tilsett som bakar hjå kjøpmann Karl Haugland i Rugsund sidan 1908 før han starta for seg sjølv i Måløy.
starta landhandel på Skram i 1918. I 1923 bygde han eige forretningsbygg ved Gate 1.
Måløy Kjølelager A/S
bygd 1920– sjå Lefdal Fiskeriselskap.
Apoteket Måken
i Måløy vart skipa 1921 med Halfdan Knutsen som første styrar. Apoteket i Florø hadde då drive filial i Måløy sidan 1909.
Maaløy Ruteselskap vart skipa i 1922 av Johan Blaalid. Han bygde etter kvart opp selskapet til det største fraktselskapet i Sogn og Fjordane nest etter Fylkesbaatane.
Rutebilane i Måløy
vart grunnlagt i 1924 av Sam. Sørland frå Naustdal i Eid. Han dreiv busskøyring og varetransport til Nord-Vågsøy og Vågsvåg, hadde eit par bussar i drift og bygde eigen garasje på Sæternes.
fisketilvirking i Måløy vart grunnlagt 1925 av brørne Peder, Ingolf og Kristoffer A. Tennebø.
vart grunnlagt i 1926 av brørne Arnt og Simon Midtgaard.
Iver Lefdal frå Lefdal starta i 1928 med fiskehandel og seinare kol- og vedforretning på Skram i Måløy.
starta målarforretning i Måløy kring 1930.
Nordstranda innkjøpslag
var vart starta kring 1930 av bønder kring Almenning. Laget dreiv m.a. innkjøp av gjødsel og reidskap til landbruksdrifta. Laget vart avvikla under 2. verdskrig.
vart skipa av Torgils Kambestad i 1930 då han kjøpte seg inn i hurtigruteekspedisjonen i Måløy og vart dagleg leiar.
Reinhard Solstad
starta i 1932 rutebilselskap på Raudeberg. Bussane hans trafikkerte rutene mellom Måløy og bygdene på Nord-Vågsøy.
Edvard Kvalheim
skipsutstyr og daglegvarehandel, skipa i 1934 - sjå
Kvalheim & Vedvik A/S .
Holvik og Fagerlid Trykkeri
vart starta i Måløy kring 1935 av svograne Harald Fagerlid og Nils Holvik frå Sandane. Trykkeriet hadde m.a. trykkinga av avisa Fjordenes Tidende og hadde opp til sju tilsette. Trykkeriet vart kjøpt av avis-selskapet i 1975.
vart starta av Oskar Gotteberg i 1936.
Oskar Larsen
starta fiskeutsal ved Torget i Måløy i 1937. Utsalet var i drift til kring 1970.
vart starta i 1940 av Bjarne Osmundsvåg og Sverre Skibenes.
i Måløy er ei av dei største i fylket, og vart grunnlagt i 1941 av Ragnvald Gangsø.
tok i 1945 over som oljeforhandlar for Norske Shell i Måløy.
Måløy Sport
vart starta i 1945 av Olav Humborstad frå Kjølsdalen. I tillegg til sportsforretning dreiv han også sykkelreparasjon. Humborstad bygde eige forretningsbygg ved Gate 1 i 1964. Sonen Jarl Humborstad tok over som dagleg leiar i 1984.
starta i 1947 med kommisjonshandel av byggevarer i Måløy. Seinare starta han også fargehandel.
Hugo Farstad urmakarforretning
skipa 1948 ANS – sjå
Kåre Holvik.
Kvamme og Oppedal
daglegvareforretning vart starta av Sivert Kvamme og Isak Oppedal på Gotteberg i 1952. Isak Oppedal hadde då drive landhandel i heimbygda Torskangerpoll i nokre år. Sivert Kvamme dreiv forretninga til 1972.
skipa i 1953.
Karsten og Alf Myklebust
starta møbelforretning i Måløy i 1958. Dei to brørne frå Barmen i Selje bygde eit stort forretningsbygg på Seternes, der dei ei tid også dreiv stopping av møblar. Myklebust avvikla forretninga i 1980. Sidan har bygget m.a. vorte nytta ein kort periode til møbelforretning og som dataforretning.
Firdakaféen
- sjå
Måløy Meieri.
i Deknepollen vart skipa av Jan Saltkjel i 1981.
Sætren Installasjon AS
skipa 1984, - sjå Einar Sætren.
Fjord-Lab A/S
i Måløy. Grunnlagt 1988. Laboratorium som driv miljø- og vassanalyser for oppdrettsnæringa og næringsmiddelindustrien. Tek også oppdrag for offentleg sektor.
vart skipa i Måløy i 1989 av Oddvin Høydal.
Kråkenes fyrkafé og vertshus
vart opna av ekteparet Bettina Vick og Thomas Bickhardt i 1994. Dei har sett i stand den gamle fyrbygningen ytst mot storhavet, og skipar også til ulike utstillingar der. Thomas Bickhardt arbeider også m.a. som fotograf.
Almenningsbutikken AS
vart starta av Dag Almenning m.fl. i Almenning i 1996, då Steinar Dybedal (sjå
Sakarias Dybedal) gav seg med daglegvarer. Almenningsbutikken vart avvikla i 2002.
Første varehuset i ytre Nordfjord då det stod ferdig med 1. byggetrinn i 1997. Med andre byggetrinn i 1998 har Måløy Brygge eit samla areal på 6000 kvadratmeter.
West Dykkerservice AS
vart skipa i Måløy i 1998 av Per Kåre Navekvien. I 2004 hadde firmaet fire tilsette og ei omsetning på 4,2 millionar kroner.
Måløy Havneservice AS
skipa 2000 av Harald Kvalheim – Sjå
Arthur Kvalheim .
heiter selskapet som har bygd vindmøllepark på Mehuken på Kvalheimsfjellet.
Maritim Næringspark AS
på Raudeberg, skipa i 2004. – Sjå
Carisma Fish AS.
Seacon AS
ingeniørselskap vart skipa i Måløy i 2005 av Stian Nybakk og Thomas Hjelle og driv m.a. med konstruksjon av fiskebåtar. Verksemda har fem tilsette i 2006.
Måløy Vekst AS
vart skipa i 2006 med Vågsøy kommune, fylkeskommunen og det lokale næringslivet som aksjonærar. Utviklingsselskapet skal arbeide for å skape ny aktivitet og nye arbeidsplassar i kommunen.
vart skipa på Raudeberg i 2006 av m.a. Nils Ove Sæle, Jan Søvik og Gerhard Kvalheim.