SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Skular i Eid kommune:

Folkeskulen i Eid

Den første skuleordninga for folkeskule i Eid vart organisert ved den såkalla "skulefundasen" i 1743.

Publisert 16.07.2001 12:26. Oppdatert 28.01.2004 11:49.
Folkeskulen i Noreg vart organisert først og fremst for å gje ungane eit minstemål av lese- og skrivekunnskap i samband med den kyrkjelege konfirmasjonen. Det var difor sokneprestane som fekk ansvaret for å organisere den første skuleordninga og dele prestegjeldet inn i høvelege krinsar. Dei som vart sette til lærarar, slapp militærteneste som motyting.

Den første profesjonelle lærarutdanninga på Vestlandet kom i 1839, då lærarseminaret på Stord starta. Alt til det første lærarkurset på Stord var det stor søknad frå Eid, og innan få år hadde krinsane i kommunen fått utdanna folk inn i lærarpostane.

Bygging av skulehus

Folkeskulen vart organisert som omgangsskule heilt fram til dei første skulehusa vart bygde:

Skulehus på Eid - brann og nybygg

Det kombinerte skulehuset på Nordfjordeid i 1971. Bygget brann ned i 1974. (Foto: NRK)
Nordfjordeid fekk sitt første faste skulehus kring 1865. Seinare vart det reist eit stort, kombinert skulehus. Både dette og det kombinerte huset for folkehøgskule og kommuneadministrasjon brann ned på 1970-talet. Men alt i 1965 hadde folkeskulen på Nordfjordeid flytta over i nybygg på Myklebust.

Eid ungdomsskule

Eid kommune innførte ungdomsskule i 1974. Den omfatta heile kommunen, og held til i eit bygg på nabotomta til Eid barneskule på Myklebust. Samstundes med innføring av ungdomskule, vart både realskulen og framhaldsskulen lagde ned. Ungdomsskuleborna frå Hennebygda vart overførde frå Gloppen til Eid då vegen Lote-Hennebygda vart opna i 1981. Eid ungdomsskule vart mykje utvida i 2002.

Eid Idrettshus

vart bygt på nabotomta til Eid ungdomsskule i 1977. Idrettshallen i huset tener som gymnastikksal for skulane i nærleiken. Huset har også symjehall med 25 meters basseng.


Skulane i mindre krinsar:

Hennebygda

fekk første skulehuset i 1867 og nybygg i 1910. Skulekrinsen er lagt ned og sentralisert under Nordfjordeid.

Heggjabygda

fekk skulehus ca. 1880 og nytt skulehus kring 1957. Krinsen vart lagt ned 1969 og sentralisert til Hjelle.

Lote

fekk skulehus i 1883. Skulen der vart lagt ned like etter at Lotetunnelen opna i 1966 og skuleborna førde over til sentralskulen på Nordfjordeid.

Nes

fekk skulehus i 1902, men krisen vart sentralisert til Hjelle i 1969.

Stårheim

fekk skulehus i 1907. Det vart rive då nytt skulebygg vart bygt i 1969, samstundes som Remmedalen skulekrins vart sentraliert dit. Stårheim skule fekk tilbygg m.a. med ny gymnastikksal tidleg på 1990-talet.

Hjelmelandsdalen

fekk skulehus i 1912, men vart lagt ned og sentralisert til Haugen skule kring 1955.

Sudstranda (Holmøyane)

fekk skulehus i 1915, men vart lagt ned og sentralisert til Hjelle i 1969. Sudstranda skulehus låg einbølt til, men plassert slik at det låg "midt mellom" grendene langs Hornindalsvatnet.

Åsebø

fekk skulehus i 1915, men krinsen vart lagt ned og sentralisert til Hjelle på 1950-talet.

Remmedalen

fekk skulehus i 1918, men krinsen vart lagt ned og sentralisert til Stårheim i 1969.

Os

fekk skulehus på Skibenes i 1921, men vart lagt ned og sentralisert til Eid skule i 1965 saman med "sørside-krinsane" Hundeide, Sørland og Torheim.

Haugen

fekk truleg sitt første skulehus kring 1870, seinare endå eitt, før eit stort skulehus som framleis vert nytta, vart bygt i 1920. Dette huset fekk tilbygg med gymnastikksal i 1959 og har seinare vorte utvida fleire gonger. Hjelmelandsdalen skulekrins vart sentralisert til Haugen kring 1955.

Hjelle skule.

Hjelle

fekk skulehus i 1925 og nybygg i 1969, då også skulekrinsane Sudstranda og Nes vart sentraliserte dit. Skulehuset har sidan vorte utvida.

Hundeide

fekk skulehus i 1928, men krinsen vart lagt ned og sentralisert til Eid i 1965.

Sørland

fekk skulehus i 1929, men krinsen vart lagt ned og sentralisert til Eid i 1965.

Lefdalsbygda, Haus, Kjølsdalen og Reksnes

Kjølsdalen skule.
I den vestlege luten av Eid kommune - den som fram til 1965 høyrde under tidlegare Davik kommune - var det frå gamalt av skulehus i fire krinsar: Lefdalsbygda, Haus,
Kjølsdalen og Reksnes. I Kjølsdalen vart det bygt ny sentralskule for desse krinsane i 1969. Kjølsdalen skule har seinare vorte utvida. Nærmare detaljar om desse skulehusa vantar. Kjølsdalen gamle skule vart i 1985 teken i bruk som samfunnshus for bygda.

MEIR OM EID 
Eid kommune

 
Aviser og media i Eid
Historia i Eid
Industri og næring i Eid
Kjende personar i Eid
Kommunehistoria i Eid
Krigshistoria i Eid
Kyrkjer i Eid
Samferdsle i Eid
Skular i Eid
Verd å sjå i Eid

 
Video frå Eid
Lyd frå Eid
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no