|
Evelyn Lauvstad Hanevold har hevda seg i landstoppen i skiskyting. Her under NM i Eid i 2002. Foto Jostein Nyfløtt©NRK |
- herunder Eids Turnforening, Eids Idrettslag, Eids Fotballklubb, dameturngruppa, idrettslaget "Bamse", Eidsbygda Skilag og Eids Gymnas Idrettslag.
Eldste skyttarlaget
Eidsbygda Skyttarlag vart skipa 1861, og er såleis eit av dei eldste skyttarlag i Noreg. I 1861 vart også "Centralforeningen for udbredelse af Legemsøvelser og Vaabenbrug" skipa i Noreg. På 1880-talet vart mange skyttarlag knytte opp til den politiske venstrerørsla i "Folkevæbningssamlagenes Fællesstyre". Desse laga braut med "Centralforeningen", og "folkevæpningssamlaget" overtok etterkvart kontrollen over heile skyttarrørsla. Over halvparten av skyttarlaga i Sogn og Fjordane vart skipa før 1900. På det meste har det vore 59 lag i Nordfjord, 48 i Sunnfjord og 81 i Sogn.
Idrettslaget Vrangfoss vart skipa på Haugen i 1895 etter opptak frå Jens S. Haugen, som var formann fram til 1908.
Henden Idrettslag
i Hennebygda har ukjent skipingsår, men var oppløyst i 1909.
Bamse Idrettlag
i Eidsbygda vart skipa i 1924, men endra frå 1927 namn til Heia.
Heggjabygda Idrettslag
vart skipa kring 1930.
Von Idrettslag
i Holmøyane vart skipa i 1932.
Eidsbygda Skilag
vart skipa i 1932.
|
Ronny Hafsås. |
Stårheim Idrettslag vart skipa 1935 og har i 2002 250 medlemmer. Laget har eiga fotballbane og har på 1990-talet bygd opp eitt av dei sterkaste skiskyttarmiljøa på Vestlandet.
Kjølsdalen Idettslag
vart skipa i 1940.
Henning Idrettslag
i Hennebygda vart skipa i 1941.
Nordfjord Skisenter
– sjå
Haugen Idrettslag.
Grunnlagt 1984 i privat regi av Anders O. Lefdal.
på Nordfjordeid vart skipa i 1999.
Stokkenes Golfpark BA
– sjå
Nordfjord Golfklubb .