|
Utsnitt av sjølvportrett. |
Nikolai Astrup (1880–1928) er fødd i prestegarden i Kalvåg, Bremanger, men flytta 3 år gamal til Jølster då faren
Christian Astrup vart sokneprest der. Nikolai voks opp i prestegarden på Ålhus, der eit av dei gamle husa framleis står, og der minnesteinen over Nikolai Astrup er reist. Embetsmanns-slekta Astrup stammar frå Ribe i Sørvest-Jylland.
Dei første åra
Nikolai Astrup er ein av dei største kunstnarane i Noreg frå tida kring 1900. Han studerte målarkunst under Harriet Backer 1899-1901, og hos Christian Krogh i Paris i 1902.
Astrup debuterte i 1905, og frå same år var han bufast i Jølster. Prestefaren Christian hadde sett seg sterkt imot at sonen skulle bli kunstnar. Han såg helst at sonen vart prest. Då Nikolai kom heim budde han ei tid i prestegarden. Men faren hindra at han fekk kjøpt det ledige huset der. Nikolai prøvde så å kjøpe ein annan eigedom på Ålhus, men faren forhindra også dette. Frå 1909 til 1912 budde Astrup med familien i eit lite tun på Myklebust på sørsida av Jølstravatnet. Denne stova selde han seinare til venen Per Kramer frå Bergen, som flytta den og bygde den opp att nord for grenda Sandal. Der står huset framleis, brukt som hytte.
Astruptunet
I 1912 kjøpte Astrup det brattlendte småbruket på Sandalstrand som seinare er kalla Astruptunet. Her bygde han atelier, og rydda jorda i terrassar der han m.a. planta eksotiske blomar og plantar.
Giftarmål
I 1907 gifta Astrup seg med Engel Sunde (sjå
Engel Astrup), som då ikkje var fylt 16 år. Han hadde møtt henne då han måla på garden Sunde ved Kjøsnesfjorden året før. Engel vart seinare brukt som modell i fleire kjende måleri frå prestegardshagen på Ålhus og frå Sandalstrand.
Det var i heimbygdene Nikolai Astrup fann motiv og inspirasjon til sine naivistiske, men sterkt ekspressive bilete.
Astrupelevane
Astrup var m.a. god ven av biletkunstnaren
Bernt Tunold som let seg inspirere av meisteren frå Jølster. Astrup tok også nokre få elevar som han underviste i målarkunst på Sandalstrand. Dette var m.a. Toralv Flatjord og Elias Eide frå Jølster, Malfinn Berquam frå Førde og Johan Indrekvam frå Naustdal. Desse har sidan vorte nemnde som ”Astrup-elevane”.
Plaga av sjukdom
Astrup misbrukte i lange periodar alkohol. Han hadde hatt tuberkulose, og lei heile sitt vaksne liv av astma. Under eit opphald hos venen dr. Bydal i Førde i 1928 døydde Nikolai Astrup.
Museum
|
Museet på Astruptunet. |
Astruptunet på Sandalstrand er idag museum, og her vart det på 1980-talet bygd eit eldfast biletgalleri, godt kamuflert i den gjenskapte fjøsbygningen.
Astrup er representert i dei største galleria i Norden, og i 1995 kunne skipsreiar
Jon Chr. Brynildsen vise fram ei unik samling Astrup-kunst, der fleire av hovudverka er med.
|
Astruptunet på Sandalstrand med Jølstravatnet i bakgrunnen. (Foto: NRK) |