Hotell Stanley vart bygd 1890 av Jakob Neumann Hammer.
Han eigde den gamle handelsstaden med gjestgiveri i Utvik, og bygde også hotell ”Victoria” på Rebakken i Breim (sjå
Gloppen kommune). ”Victoria” låg vegg i vegg med ”Hotel Gordon”, og det utvikla seg ein hard kamp om gjestane på Rebakken. Begge hotella skaffa seg også kvar sin ”marine” i hotellstriden: Kvar sin dampbåt som kappast om å kapre turistar på veg over Breimsvatnet før vegen gjennom Våtedalen var ferdig i 1889.
Same kappestriden la Hammer opp til i Jølster då han etablerte seg nokre hundre meter unna det konkurrerande hotellet på Skei: Då hotelleigar Skrede saman med andre sette dampbåten ”Skjold” i rute på Jølstravatnet”, var Hammer kjapt ute, og fekk sin konkurrerande d/s ”Kvikk” på vatnet. (Sjå:
Båtruter på Jølstravatnet.)
Men korkje på Skei eller i Breim hadde Hammer lukka med seg: Han gjekk konkurs.
Hotelleigar
Tollef Gabrielsson Skrede fekk kjøpe det konkursråka hotellet, reiv det og bygde det opp som tilbygg til sitt eige på Skei (
Skei Hotell). Dermed kunne han tilby det doble talet på senger – og var samstundes kvitt ein brysam konkurrent.
(Sjå også:
Gjestgjevarstader i Jølster.)