På kort tid grodde det opp tett med turisthotell langs ruta. Dei daglege skyssetappane med hest var relativt korte, og dette gav levekår for hotell både på Sande i Gaular, Førde, Vassenden, Egge, Byrkjelo og Re i Breim.
Ekstrainntekter
I sommarsesongen fekk bøndene gode ekstrainntekter som skysskarar for turistane med hest og karjol. Det var ikkje rart at dei såg automobilen som eit trugsmål for næringsgrunnlaget då den gjorde sitt inntog kring 1910. Det same gjorde dei fleste hotelleigarar på strekninga mellom Vadheim og Sandane. Dei såg føre seg at turistane berre ville stige iland frå fylkesbåten i Vadheim og rett inn på automobilen, som utan stopp kunne køyre turistane direkte til Sandane.
Protesterte mot bilane
I 1911 allierte vognmenn og hotelleigarar seg i eit protestkriv mot biltrafikk på strekninga Vadheim - Sandane.
På den andre fløyen ivra hotelleigar C.A. Ryg ved Hotel Gloppen på Sandane og hotelleigarar i Indre Nordfjord for å få i stand bilruta. I 1910 sende dei første søknaden,
og i 1912 køyrde ein innleid hotellbil frå Karl Mjelva i Geiranger den første prøveturen Sandane-Vadheim. I desember 1912 var
Fjordenes Automobilselskap eit faktum. Hotelleigar Tollef Skrede ved
Skei Hotell var først imot bilen, men hadde tydeleg vorte omvend, for no kom han med i styret for Fjordenes Automobilselskap. Selskapet vart grunnstammen i det som seinare vart
Firda Billag, skipa i 1920.
Reint turbilselskap
A/S Fjordenes Automobilselskap var dei første åra eit reint turbilselskap som berre frakta turistar i sommarsesongen. Dette hadde den vanlege jølstring lita nytte av. Jølstringane hadde først og fremst trong for ein bil som kunne frakte varer til og frå dampskipskaia på Steinen i Førde.